-Dersom du med ei setning skulle oppsummert kva det vil seia å vera kristen, kva frelse er, kva påsken betyr for deg; kva ville du ha svart? Det finst nokre svar som har vore og er gjengangarar i mykje av norsk luthersk kristendom, men det finst også ei rekke andre viktige perspektiv, seier Tone.
Foredraget hennar bygger på Paul W. Jones bok Teologiske verdener og søker å visa at det bibelske materialet er mangfaldig og rikt, og at det derfor kan vera ulike sider av kristen tru og tradisjon som blir viktig for ulike menneske.
- Det er jo også derfor det finst ei rekke kristne kyrkjer og trussamfunn og mange forskjellige måtar å leva som kristen på. Det som er av avgjerande betydning for å kunne kalle seg kristen i nokre miljø, blir problematisert eller spelar ei underordna rolle i andre kristne samanhengar. Både bakgrunnen vår, trushistoria, sosioøkonomiske kontekst, personlege situasjon, personlegdomen vår og dei fellesskapa vi er ein del av, har betydning for korleis trua vår ser ut og kjem til uttrykk.
I foredraget vil ho presentere fem forskjellige "teologiske verder", fem forskjellige tilnærmingsmåtar til kva frelse inneber.
Tone Stangeland Kaufman er professor i praktisk teologi på MF, som betyr at ho utdannar prestar og forskar blant anna på prestars forkynning og spiritualitet. Ho har også bakgrunn som prest frå organisasjonen Korsvei. Ho er kunnskapsrik og ein svært dyktig formidlar. Det blir høve til spørsmål og samtale og pause med enkel bevertning. Alle er hjarteleg velkomne!