Etter nokre litt meir positive veker der vi har gjennomført Open kyrkje med tilbod om nattverd og to søndagar med fleire korte nattverdsgudstenester, vart det igjen bråstopp etter Regjeringa og Byrådet sine nye vedtak søndag 7. februar.
Nedstenginga i Bergen og fleire andre kommunar varer førebels til og med 14. februar og medfører stengde butikkar og forbod mot alle arrangement og møte, både innandørs og utandørs. Arna kyrkjelyd har difor avlyst alle samlingar og møte denne veka. Dette omfattar Sakkeus open barnehage, Babysong, Klubben, komitemøte og gudstenesta 14. februar.
OPPDATERT: Også gudstenesta 21. februar er avlyst.
Arna seniorsenter har stengt kafeverksemda denne veka, men tilbyr framleis å køyra ut middag for dei som tingar dette. Sjå informasjon på Seniorsenteret si Facebook-side eller ta kontakt på telefon innan kl. 10.30 tysdag og torsdag.
Einaste unntak frå arrangementsforbodet er gravferder og bisetjingar. Desse vert gjennomført med inntil 50 personar til stades og påbod om munnbind for alle som deltek, med unntak av forrettande prest og andre som framfører tale eller solosong.
Arna kyrkjelyd startar opp igjen med fysiske samlingar for barn, ungdom, familiar og vaksne så fort det vert mogleg. Dette gjeld både gudstenester og andre møtestader. Vi gler oss til å møtast att snart!
Staben er på heimekontor og kan nåast på telefon i arbeidstida. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om dåp eller andre ting.
Arna kyrkjekontor: tlf 55362270 Epost: arna.menighet@kyrkja.no
Sokneprest Kristin Hjertaker: mob 41479182 Epost: kh937@kirken.no
Kateket Cathrine Snipsøyr: mob 92071840 Epost:cs262@kirken.no