Gudsteneste Kristi Himmelfartsdag

Vi ønskjer vel møtt til neste gudsteneste i Arna kyrkje torsdag 21. mai (Kristi Himmelfartsdag) kl. 11 ved prost Øystein Skauge!

Gudsteneste Kristi Himmelfartsdag

Sist søndag var det fleire som vegra seg for å koma som følgje av regelen om maks 50 til stades i kyrkja om gongen. Men det var god plass på begge gudstenestene då, og vi oppmodar alle som er friske og har lyst, til å koma til kyrkja og delta i fellesskapet!

NB! 17. mai vert det ikkje gudsteneste i Arna, men det er gudsteneste i Ytre Arna.

Søndag 24. mai kl. 11 er det gudsteneste i Arna kyrkje ved Ingvar Fløysvik. Denne dagen er det også eigne dåpsgudstenester både før og etter hovudgudstenesta. Desse er berre for familiane som har dåp.

Søndag 31. mai (pinsedag) er det høgtidsgudstenester kl. 11 og 12.15 ved Kristin Hjertaker.

For alle gudstenestene gjeld følgjande reglar:

- Hald deg heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon.

- På veg til kyrkja: Gå, sykla eller bruk eigen bil. Unngå offentleg kommunikasjon.

- Hald avstand til andre før, under og etter gudstenesta; minimum ein meter i alle retningar.

- Unngå at det blir kø på veg inn eller ut. Bli ikkje ståande tett, heller ikkje på utsida av kyrkja.

- Praktiser god handhygiene. Handsprit er plassert ved inngangen.

- Sørg for god hostehygiene. Host i papir eller i armkroken.

- Set deg på «rett stad». Annankvar kyrkjebenk er stengd.

- Unngå å ta på inventar eller utstyr.

- Namn på deltakarar vert registrert ut frå krav til smittesporing. Listene vert forsvarleg oppbevarte og makulerte etter 10 dagar i tråd med forskrifta.
 
 
 
 
 
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"