Endringar i drifta av Kyrkjelydshuset

Arna sokneråd har gjort endringar i vedtektene for Kyrkjelydshuset etter ein lang og krevjande prosess det siste halvtanna året. Dei nye vedtektene gjeld frå 1. september 2023. Det blir soknemøte om dei nye vedtektene etter gudstenesta 22. oktober.

Endringar i drifta av Kyrkjelydshuset

Frå huset vart bygd har eit eige husstyre hatt ansvar for dagleg drift, vedlikehald og økonomi. Soknerådet har takka husstyret for vel utført arbeid, særleg med tanke på vedlikehaldet av huset i alle desse åra.

Behov for endring

Over tid har det vorte uttrykt ulike behov for å pussa opp delar av huset og gjera ulike tilpassingar for at huset i endå større grad kan møta behova kyrkjelyden har i tida som kjem. Dette gjeld mellom anna å prioritera barn og unge og opne møtestader i større grad, ettersom dette er vedtekne satsingsområde til kyrkjelyden.

Dei nye vedtektene som er gjeldande frå 1. september i år inneber blant anna dette:
Eit nytt husutval skal oppnemnast av soknerådet, på same måte som andre underutval i kyrkjelyden (trusopplæringsutval, diakoniutval etc.). Husutvalet får ansvar for vedlikehaldet av huset og skal laga ein plan for dette, som vert sendt til soknerådet for vedtak.

Ansvaret for dagleg drift, inkludert utleige og økonomi, er flytta frå husstyret til dagleg leiar. Revisor har over tid etterspurt at all økonomien knytt til kyrkjelyden skal vera samla på ein stad. Soknerådet har også ansvaret for at gjeldande økonomireglement vert følgd. Med ansvarsfordelinga i dei nye vedtektene vert dette sikra.

Viktig avklaring

Det har tidlegare vore uklart kva for formelt ansvar og mynde soknerådet hadde med tanke på disposisjon av huset. No er dette avklart, slik at det er utvilsamt at Arna sokneråd står som eigar av huset og har høve til å gjera endringar og prioritera bruken av huset i tråd med gjeldande planar og vedtak. Kyrkjelydshuset står under Arna sokn i Brønnøysund-registeret og har gjort det sidan 1997.

Etter fleire rundar og ulike utkast fekk arbeidsutvalet til slutt hjelp av prost Leif Endre Grutle til å utforma og kvalitetssikra det siste utkastet, som vart vedteke av soknerådet 28. august i år.

Framleis rom i huset

Somme har uttrykt bekymring for om endringane vil medføra at det ikkje lenger skal vera plass til aktivitetar og samlingar for eldre i Kyrkjelydshuset. Det vil ikkje skje store endringar som påverkar gjeldande leigeavtalar for til dømes Seniorsenteret. Desse vil halda fram kvar tysdag og torsdag som før. Og det vil framleis vera mogleg å leiga huset til dåp, konfirmasjon, minnesamvær etc.

Dersom du ønskjer å leige Kyrkjelydshuset, tek du kontakt med Kyrkjekontoret ved dagleg leiar Marianne W. Fanebust. Epost: arna.menighet@kyrkja.no

Du finn dei nye vedtektene under "Dokumenter" nedanfor; "Om bruk og drift av Arna kyrkjelydshus"

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"