Open dåpsdag 8. juni

Har du tenkt på dåp for deg sjølv eller barnet ditt, men så har det aldri passa heilt? 8. juni kl. 15-18 vert det Open dåpsdag i Arna kyrkje. Du kan bli døypt der og då, etter registrering og kort samtale. Heilt enkelt - like stort! Klikk for å lesa heile saka.

Open dåpsdag 8. juni

Sist Arna kyrkjelyd arrangerte Open dåpsdag, i oktober 2022, vart sju personar døypte. Dei fleste av desse var konfirmantar som ikkje hadde blitt døypte tidlegare. Men det var også andre som kom innom. Nokre kom med eit større følgje, andre kom åleine.

Registrering og samtale
No vert det ein ny mulighet: Torsdag 8. juni kl. 15-18 inviterer Kristin prest saman med andre tilsette og frivillige medarbeidarar til ein ny Open dåpsdag.

Du møter først i Kyrkjelydshuset (det store, kvite huset ved sida av kyrkja, ved parkeringsplassen) for registrering. Der blir det også enkel servering av kake, kaffi, te og saft. I forkant av sjølve dåpshandlinga er det ein kort samtale med prest.

Ved dåp skal det vera minst to fadrar. Dersom du ikkje har fadrar med sjølv, kan kyrkjelyden stilla med to fadrar. 

NB! Den som skal bli døypt, må ha med legitimasjon. For små barn gjeld stadfesting på namn frå Skatteetaten. Dersom du ønskjer å døypa barnet ditt, og ikkje begge føresette er med, treng du skriftleg samtykke frå den andre føresette.

Dåp handlar om å høyra til
Arna kyrkje betyr mykje for mange; å vera døypt og konfirmert her, koma tilbake ved dei store anledningane i familien, å høyra til.

Dåp er inngangen til å høyra til i Arna kyrkjelyd, Den norske kyrkja – og heile den verdsvide kyrkja. Dåpen er eit mysterium, me kan ikkje heilt forklara kva som skjer. Men me trur at Gud handlar i dåpen og at den som blir døypt, uansett alder, får del i Guds rike og vert kopla på Jesus Kristus, som er Guds son og vår bror.

Dåpen er ei gåve
Dåpen er eit teikn; det er ei hending, noko som skjer der og då – og som samtidig peiker utover seg sjølv. I dåpen får me del i frelsa, uansett om me er små babyar når det skjer, store barn, ungdomar, vaksne eller eldre. Og uansett om me føler noko spesielt eller ikkje. Dåpen handlar om å ta imot Guds gode gåver; det er gratis og uavhengig av våre prestasjonar. Det er Gud som handlar i dåpen.

Når me ser eit lite barn blir bore fram, blir me minna om dette: Ingen kan bera seg sjølv. Gud tar imot oss i kjærleik og nåde, anten me er store eller små.

Aldri for seint
I Arna - og andre stader - er det ein del menneske som av ulike grunnar ikkje vart døypte som barn, og som heller ikkje har blitt døypt som vaksne. Somme kjenner seg likevel heime i kyrkja, men er ikkje medlemmer. For det vart aldri slik. 

Ta kontakt med ein av prestane eller kyrkjekontoret om du ønskjer samtale om dåp; anten for å avklara om du eigentleg ønskjer dette – eller for å avtala tid, dersom det ikkje passar for deg på Open dåpsdag. Me legg til rette for den enkelte så langt me får det til.

Meir informasjon kan du få ved å senda epost til sokneprest Kristin Hjertaker: kh937@kirken.no eller arna.menighet@kirken.no 

Dersom du ønskjer dåp i ei vanleg gudsteneste, bestiller du via skjema på nettet

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"