Ope for gudstenester - oppdaterte smittevernreglar

Søndag 18. april blir det gudsteneste igjen! Vi feirar høgmesse med nattverd. Kristin Hjertaker er prest og Olav Arne Steinkopf er kantor. Med oppdaterte smittevernreglar er det plass til ca. 50 personar på gudstenester og seremoniar i Arna kyrkje. Det er framleis krav til 2 meter avstand i kyrkjene pga. salmesongen.

Ope for gudstenester - oppdaterte smittevernreglar

Den forsiktige oppmjukinga av smittevernreglane som vart kunngjort 13. april, inneber at det meste i kyrkja er tilbake til slik det var før påske.

Difor kan vi no gle oss over å feira gudsteneste igjen - frå og med søndag 18. april. Denne dagen var det i utgangspunktet tenkt temagudsteneste, men det blir vanleg høgmesse i staden. Vi skal syngja fleire fine påskesalmar og fokusera på kyrkjeårstekstane om Jesus som den gode hyrden. Dagens takkoffer går til Kirkelig ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.

Gjeldande smittevernreglar:

  • Hald deg heime dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene/ventekarantene.
  • Bruk handsprit på veg inn i kyrkja.
  • Møt opp i god tid. Alle som kjem, blir registrert av omsyn til mogleg smittesporing.
  • Kom helst saman med dei du skal sitja saman med (dei du bur med/kohort)
  • Når du er registrert, får du tilvist ein plass. Set deg ned med det same, og hald deg på denne plassen.
  • Hald minst 2 meter avstand til dei du ikkje bur med. 
    NB! Avstandskravet for gudstenester og gravferder er ikkje endra! For der har vi salmesong - og då er regelen to meter. Dette er også forklaringa på at mange kyrkjer ikkje har plass til 100 personar, slik dei største kyrkjene kan ha.
  • Bruk munnbind i situasjonar der du risikerer å koma nærare enn 1 meter, som ved inngangen.
  • Det skal gjevast informasjon om dei viktigaste smittevernreglane før kvar gudsteneste eller seremoni startar. Dette er forrettande prest sitt ansvar.
  • Det er tillate med nattverd når vi følgjer gjeldande smittevernrettleiar og sikrar at det ikkje blir nokon form for kø eller trengsel.
  • Ein skal ikkje delta på gudstenester, dåp eller liknande i andre kommunar enn sin eigen. Det er unntak for tilsette i kyrkja og for pårørande i gravferd/bisetjing. Det er ikkje unntak for andre kyrkjelege handlingar som dåp eller vigsel.

Kor mange er det plass til i Arna kyrkje no?
Ved faste, tilviste plassar på gudstenester, gravferd etc.: 50 personar i Arna kyrkje.

"Fast, tilvist plass" betyr at du må sitja i ro på plassen din under heile arrangementet - med unntak av å gå fram til nattverd eller dersom du må gå ut for nødvendig toalettbesøk. Du kan ikkje vandra rundt inne i kyrkja eller bytta plass undervegs.

Ved arrangement utan fast, tilvist plass: Maks 10 personar
(Unntak dersom alle deltakarar på eit arrangement er under 20 år og frå same kommune - då er det no opna for 50 deltakarar).

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"