Varm velkomst for Gina Marie

Gina Marie Reisæter-Thu (28) vart vigsla til prest av biskop Ragnhild Jepsen under ei høgtideleg gudsteneste i Arna kyrkje 27. august.

Mange ville gratulera Gina Marie etter gudstenesta. Foto: Odd Mehus

Biskopen heldt tale for den nye presten og mange deltok med tekstlesing og i forbønshandlinga. 

Gina Marie sjølv heldt ei flott preike om den store kjærleiken, som ofrar seg sjølv: "Ingen har større kjærleik enn den som gir livet sitt for venene sine" (Jesu ord frå Johannes-evangeliet). Så brukte ho forteljinga om Harry Potter og venene hans til å prøva å nærma seg dette som me nesten ikkje kan finna ord for: kva er kjærleik? Og kantor Olav Arne Steinkopf følgde opp med å spela Harry Potter-temaet nydeleg på orgelet som avslutning på preika og overgang til salmen etterpå.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med kaker og taler i eit festpynta Kyrkjelydshus.

Biskop Ragnhild Jepsen kunngjer at Gina Marie er rett kalla prest.
Foto: Marlyn Hop.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"