- Det er på'an igjen med begrensa antall plassar og munnbind. Men eg håpar at vi også i år kan la oss berøra av julebodskapen; at Gud blir menneske og kjem oss heilt nær, seier Kristin prest.
- For å kunna fokusera mest mogleg på innhaldet i jula og fellesskapet i gudstenesta, er det lurt å vera godt førebudd på det praktiske, legg ho til. Kristin forrettar gudstenestene både julaftan og juledag, og oppmodar folk om å melda seg på - og sei i frå til Kyrkjekontoret dersom ein likevel ikkje har anledning til å koma på julaftan.
Du finn lenke til påmeldinga nedst i denne saka. Frist: 21. des. kl. 24.
Nye restriksjonar
Dei nye korona-restriksjonane for arrangement inneber at det ikkje er tillate med fleire enn 50 personar. Og føresetnaden for å få vera 50, er at alle blir vist til ein fast plass.
Det skal også registrerast kven som sit kor i rommet, av omsyn til mogleg smittesporing. Opplysningar om namn, mobilnummer og plassering vert teke vare på i 14 dagar og så sletta.
Tilviste plassar
Møt opp i god tid, bruk handsprit på veg inn og ta imot plassen du får tilvist av kyrkjevertar/tilsette. I Arna kyrkje har vi plass til 50, med 3 personar på kvar benk. Personar som bur saman, kan setja seg nærare enn ein meter etter at dei har kome til benken sin.
Bruk munnbind innandørs
Det er påbod om munnbind for alle over 12 år på alle offentlege stader, også i kyrkja. Dette er særleg viktig på veg inn og ut av kyrkja. Men det er sterkt tilrådd å ha munnbindet på også når ein sit på plassen sin.
Hald deg heime om du er sjuk
NB! Dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon eller andre symptom på korona, skal du ikkje koma. I slike tilfelle er det sterkt tilrådd å testa seg.
Påmelding til julaftan
Nedanfor finn du lenker til påmelding for kvar av dei tre gudstenestene på julaftan. Det er også mogleg å melda seg på via telefon til kyrkjekontoret: 55362270.
Lenke til påmelding julaftan kl. 13.00 HER