Open kyrkje på raude dagar
Dei dagane det skulle vore gudsteneste, blir det i staden open kyrkje. Nedanfor finn du oversikt over tidspunkta.
I open kyrkje kan du sitja i stillhet og oppleva høgtida i kyrkjerommet. Du kan tenna lys, be og lytta til musikk. Dersom du ønskjer samtale eller nattverd (med unntak av langfredag), tar du kontakt med presten som er til stades.
Palmesøndag: Open kyrkje kl. 11-13
Skjærtorsdag: Open kyrkje kl. 17-19
Langfredag: Open kyrkje kl. 11-13
1. påskedag: Open kyrkje kl. 11-13 + dåpshandling etterpå
Påsken er ikkje avlyst!
Tilsette og frivillige i Arna kyrkjelyd har også laga til ei fin, utandørs påskevandring med bilde, tekst, gjenstandar og tablå som passar for store og små. Her kan vi sjå/lesa om det som hende med Jesus og dei andre sentrale personane i påskeforteljinga – og kanskje læra noko nytt.
Påsken er ikkje avlyst! Påskebodskapen om Jesus som døyr for vår skuld – og står opp igjen og sigrar over døden, er den same. Hans kjærleik er utan ende.
Jesus sa: «Slik eg har elska dykk, skal de elska kvarandre! Bli i min kjærleik».» Lat oss visa omsorg for kvarandre og ta vare på kvarandre i denne utfordrande tida!
Smittevernreglar for Open kyrkje
Du skal ikkje koma til Open kyrkje dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene/ventekarantene.
Bruk handsprit på veg inn i kyrkja.
Maks 10 personar kan vera inne i kyrkja samtidig.
Alle må halda minst 2 meter avstand til dei ein ikkje bur med. Dersom nokon andre tenner lys, ventar du til det er ledig ved lysgloben.
Bruk munnbind i situasjonar der du kan koma nærare enn 2 meter (til dømes ved inngang/utgang).
Vi registrerer namn og telefonnummer med tanke på smittesporing.