Vårsalmar

Syng med på dei gode, gamle salmane om vår, grøde, håp og fedreland! Olav Arne Steinkopf spelar, Kristine Bjørkhaug er forsongar og Kristin Hjertaker er prest. Produsert av Arna kyrkjelyd. Del gjerne videoen med nokon som ikkje kjem seg til kyrkja eller andre stader no for tida!

Vårsalmar

Tekstar til salmane – i rekkefølgje – med dei versa som blir sunge. Nummera er til Norsk salmebok 2013.

 

Fagert er landet (759)

Fagert er landet du oss gav
Herre, vår Gud og vår Fader.
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
såleis di åsyn lyser Gud,
over vårt Noreg i nåde.

Tidi ho renn som elv mot os,
fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,
varda vårt land frå fjell til flud,
lær oss å gå dine vegar!

Signa då, Gud, vårt folk og land,
signa vår strev og vår møde,
signa kvar ærleg arbeidshand,
signa vår åker med grøde!
Gud, utan deg den vesle urt
veikna og visnar, bleiknar bort,
ver du oss ljoset og livet!

No livnar det i lundar (844)

No livnar det i lundar, no lauvast det i li,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord
og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong,

Då me med vigsla tunge, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge skal lova Herren vår!

 

Den blomstertid nå kommer (841)

Den blomstertid nå kommer, med lyst og glede stor,
den kjære, lyse sommer da gress og grøde gror.
Nå rører solens armer ved alt som før var dødt,
de blide stråler varmer, og alt på ny blir født.

Vi hører fugler sjunge med herlig jubellyd!
Skal ikke da vår tunge lovsynge Gud med fryd?
Min sjel, opphøy Guds ære med lov og gledessang!
Han vil oss nådig være som før så mang en gang.

Gud signe årets grøde i alle verdens land!
Gud gi oss daglig føde fra jord og hav og strand,
og hjelp oss du å dele med andre det vi har,
vårt liv, vår jord, det hele er ditt vår Gud og Far!

 

Gud signe vårt dyre fedreland (757)

Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma!

Lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brødet saman bu, som kristne det kan seg søma!

Vårt heimland i mørker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.

No er det i Noreg atter dag med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag, det brydder då etter plogen.
Så signa då Gud det gode såd, til groren ein gong er mogen!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"