To av dei engasjerte misjonsvenene i Arna kyrkjelyd, Svein Inge Myhr og Berit Ljones fortel om samarbeidsprosjekta kyrkjelyden har i Bangladesh (for Normisjon) og i Etiopia (for NMS). Begge stader står utdanning og helse i fokus og det å løfta menneske ut av fattigdom. Klikk deg inn i saka og sjå filmen.
Søndag 17. januar skulle det ha vore misjonssøndag i Arna kyrkje med gudsteneste for små og store - og påfølgjande misjonsfest i kyrkjelydshuset. Når dette måtte avlysast, har me i staden laga ein liten, informativ film der du får informasjon om prosjekta kyrkjelyden støttar - og der me tenner lys og ber for prosjekta. KLIKK HER FOR Å SJÅ FILMEN.
I tillegg til Berit Ljones og Sveing Inge Myhr deltek Margreta Myklebust med forbøn og borna Amanda og Malvin med lystenning. Ta deg tid til å sjå filmen. Den varer berre 12 minutt! Og ta deg råd til å støtta prosjekta gjennom å gje ei gåve på Vipps til 11237. Takk for gåva du vil gje!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.