Velkommen til vigsel i kyrkja i Arna
Kjærleiken fortjener ei feiring!
I ein kyrkjeleg vigsel er det rom for dykk og rom for kjærleiken. I eit vakkert kyrkjerom, med musikk og tekstar som rører, gjer de løftet om å elske og ære kvarandre. Det er mogleg å velge bryllup med storslått fest og mange gjestar, eller eit minimalistisk bryllup i joggesko, med berre forlovarar og prest tilstade. Bryllup er ei stor feiring av kjærleiken – uansett.
For å bestille vigsel og for meir informasjon, klikk på lenka "Informasjon og bestilling.." og "Alt om bryllup.." over. Det er no mogleg å sjekke tidspunkt sjølv og bestille vigsel på nettsida.
Har du spørsmål om vigsel i Arna kyrkje, ta kontakt med vårt kyrkjelydskontor: tlf 55 36 22 70.