Dåp
Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er fødd, men den er òg noko meir. Dåp er eitt av kyrkjas to sakrament. Det er en heilag handling kyrkja gjer på oppdrag frå Jesus.
Mange kjensler fyller oss når vi står med eit lite barn i armane våre. Vi kjenner på glede, undring og takk. Dåp er ein gamal tradisjon i landet vårt. Når eit born vert døypt vert det lagt i Guds hender og vert Guds born. Bornet vert òg medlem av kyrkja. Hjarteleg velkomen til i dåp i ei av våre kyrkjer!
Det kan vere lurt å døype bornet i den kyrkjelyden der de bur. Her vil bornet i åra som kjem få invitasjon til å ta del i kyrkjelydens lokale trusopplæringstilbod. Men, me tek i mot deg uansett kvart du kjem frå. Den førebuande dåpssamtalen har de der de bur.
I Arna kyrkje er det dåp på ein til to søndagar i månaden. Ofte på familiegudstenester, men ikkje alltid. I tillegg praktiserer me eigne dåpsgudstenester; cirka ein gong i månaden. Her er songar, preiken, tekstlesinger, m.v. tilpassa nettopp dåpen som tema. I tillegg treff de andre familiar som òg er ute i same ærende og døyper borna sine.
Kanskje er dåpsdagen den meist staselege, men dei viktigaste dagane er dei som kjem etter. Dåpshandlinga er starten på oppfølginga og opplæringa. I dåpen får foreldre og faddarar del i eit heilag ansvar. Dei tek på seg ei oppgåve med å: gje omsut for bornet, be for det, lære bornet sjølv å be, og hjelpa dei til å bruka Guds ord og ta del i nattverden. Alt me eit mål om at dei skal leva og veksa i trua på Jesus. Dette løftet avlegg dei ved å svara "ja" på prestens spørsmål om dei vil at bornet skal oppsedast til eit liv i den kristne trua. Løftet er mellom foreldre og faddarar på den eine sida og bornet på den andre sida. Ved vel av faddarar anbefaler me difor at de som foreldre tenkjer godt gjennom kven de trur best kan hjelpe dykk og bornet til å gje ei slik opplæring.
Under finn de meir informasjon om dåp.
Kyrkjetorget hjelper dykk med det som gjeld påmelding til dåp. Dei kan kontaktast på kirketorget.bergen@kirken.no eller telefon 55 59 32 10.
Har du spørsmål om dåp i Arna kyrkje, kan du ta kontakt med kyrkjelydskontoret på tlf 55 36 22 70, eller sende oss ein e-post.