Faste tilbod i Arna kyrkjelyd

Vel møtt til fellesskap i Arna kyrkje, Kyrkjelydshuset og Kyrkjestova. Vi har god plass og mange rom med ulike tilbod for små og store gjennom veka. Nokre aktivitetar går kvar veke, somme er annankvar veke eller ein gong i månaden. Klikk for å sjå oversikt!

Faste tilbod i Arna kyrkjelyd

Her finn du oversikt over tid og stad for faste tilbod:

Kyrkjelydshuset (KH), rett ved sida av kyrkja, rommar dei fleste aktivitetane. Men somme er i Kyrkjestova (KS) som er utstikken på Kyrkjelydshuset, eller i kyrkja (K). 

Måndagar
Sakkeus Open barnehage kl. 9-15 (KH) - for foreldre som er heime med små barn. Drop in-tilbod. Samlingstund kl. 11 og felles lunsj kl. 11.30. Bli med i Facebook-gruppa til Sakkeus for å få oppdatert info om program etc. Aktivitetar ute i Sakkeus-parken etter sesong.

Konfirmantundervisning for ei gruppe kl. 14.45-16.15 delar av året.

Tysdagar

Arna Seniorsenter har ope kl. 10-15 (KH). Middag (100 kr) kl. 12.30-14.30. Følg gjerne Arna seniorsenter på Facebook for meir info om programmet framover. 

Bønesamling kl. 10-11 (KS). Ei lita gruppe samlast kvar tysdag for å be for stort og smått i bygda og kyrkjelyden.

Konfirmantundervisning for ulike grupper kl. 11.45-13.15 delar av året.

Arna familiekor kl. 16.30-17.30 (KH) annankvar tysdag (oddetalsveker). Enkel servering 16.30-16.55. Song og leik frå kl. 17 til ca. 17.35. Bli med i Facebook-gruppa til Familiekoret for oppdatert info.

Ungdomsklubben kl. 19-21 (KS) annankvar tysdag (som regel partalsveker). Mat, prat, leikar, spel og av og til film. Positive, trygge vaksne til stades. Bli med i Facebook-gruppa Ung i Arna kyrkjelyd for oppdatert info.

Onsdagar
Klubben for funksjonshemma kl. 17.30-19.30 (KH).
Klubbgudstenester i kyrkja kl. 18.30 ein onsdag i månaden. Dette er enkle kvardagsmesser som passar for alle.

Torsdagar
Babysong kl. 10.30-12 på Loftet (KH). Bli med i Facebook-gruppa til Babysong for oppdatert info. 

Open kyrkje kl. 11-13 (K). Kom innom og tenn eit lys, sit i stille, opplev det vakre kyrkjerommet og be om du ønskjer. Frivillige kyrkjevertar er til stades og nokre gonger prest. Mulighet for enkel tidebøn (middagsbøn) dersom ein ønskjer.

Arna Seniorsenter har ope kl. 10-15. Middag (100 kr) kl. 12.30-14.30.

Konfirmantundervisning for ei gruppe kl. 18-19.30 delar av året.

Arna og Ytre Arna kyrkjekor kl. 17.30-19 (KH). Kontakt kantor Olav Arne Steinkopf for meir informasjon. Epost: os377@kirken.no 

Fredagar
Open kyrkjestove kl. 11-13 (KS). Uformell møtestad. Mat og prat. Gratis.

Laurdagar
Grautlaurdag siste laurdag i månaden kl. 12-15 (KH). Koseleg møtestad for alle generasjonar. Aktivitetar for barn. Gratis.
Følgjande datoar hausten 2023: 26. august, 30. september, 28. oktober, 25. november.

imagel71hs.png

Sundagar
Gudsteneste kvar sundag kl. 11 (K). Temagudsteneste med band og forsongarar + gudsteneste for små og store nesten kvar månad. Følg Arna kyrkjelyd si hovudside på Facebook for jamlege oppdateringar.

Temagudstenester haust 2023: 17. september og 29. oktober

Gudstenester for små og store haust 2023:
20. august (skulestart - 6-åringar)
1. oktober (Fest på slottet - 4-åringar)
26. november (Lys vaken - 11-12-åringar)   

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"