Kvinnelege prestar sitt arbeidsmiljø

76 % av kvinnelege prestar i Bjørgvin er heilt eller delvis samde når dei blir spurt om dei opplever at ulikt syn på kvinnelege prestar fører til krevjande kollegarelasjonar i bispedømet.

Rapporten frå ei undersøking om arbeidsmiljøet for kvinnelege prestar er no klar. Illustrasjonsfoto: Kristianne Marøy/Presteforeningen

Det viser ei undersøking blant kvinnelege prestar i Den norske kyrkja. På same tid viser undersøkinga at dei kvinnelege prestane er godt nøgde med rammevilkåra for arbeidet og forholdet til leiarane sine.

Det er 29 kvinnelege prestar i Bjørgvin som har svart på undersøkinga.

Undersøkinga avdekker også at kvinnelege prestar møter haldningar som dei opplever krevjande. 37 % av dei spurde i Bjørgvin har opplevd uønska hendingar basert på at dei er kvinneleg prest. Dette kan vera i forholdet til andre prestar, andre tilsette i kyrkja eller tillitsvalde og vanlege medlemer dei møter i sine lokalsamfunn.

– Det er bra at denne undersøkinga er gjort og vi takkar alle som har fortalt oss sine opplevingar ved å svara. Undersøkinga stadfestar noko av den bekymringa bispedømmet har hatt og understrekar at det er viktig å halde fram med tiltak, seier biskop Halvor Nordhaug.

Samarbeid mellom prestar med ulikt teologisk syn på kvinners presteteneste har vore eit tema i heile Den norske kyrkja. Bispemøtet gjorde i oktober 2020 eit vedtak om at ingen prestar kan reservera seg mot nattverdsfellesskap med kvinnelege kollegaer. Bjørgvin bispedømerådet gjorde 13. november 2020 eit vedtak om å slutta seg til bispemøtet sitt vedtak. Dette er styrande for framtidige tilsetjingar av prestar i bispedømet. – Bispedømerådet vil aktivt fremje eit arbeidsmiljø der kvinner og menn gjensidig opplever anerkjennelse av si presteteneste, heiter det i vedtaket.

– At fire av ti kvinner har opplevd uønska hendingar basert på at dei er kvinneleg prest kan vi ikkje slå oss til ro med. Med denne rapporten på bordet, får vi hjelp til å snakka meir konkret om kvar skoen trykker, seier personalsjef i Bjørgvin, Cathrine Waaler Halstensen.

- Vi vil snarast mogeleg ha møte med dei kvinnelege prestane for å høyra kva tiltak dei meiner vi bør satsa på, seier personalsjefen.

Hovudverneombodet for prestane i Bjørgvin, sokneprest Marit Isaksen Espedalen, helsar undersøkinga velkomen. – Det er tankevekkjande at Bjørgvin bispedøme kjem ut med dette resultatet i undersøkinga av kvinners arbeidsmiljø. Slik skal det ikkje vere. Samtidig er det fint å få ei slik undersøking, slik at også det som ikkje alltid blir meldt, blir avdekka.  Dei som har svart, fortener ein stor takk. No får vi høve til å brette opp ermene og ta tak i ting, seier hovudverneombodet. Ho er også glad for at det i kjølvatnet av biskopane sin uttale hausten 2020 har blitt sett igang ein prosess handsama i bispedømeråd og av biskop.

Rapporten for undersøkinga finn du nedst på denne sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"