Bjørgvin bispedømeråd vil inngå eit venskapssamarbeid med Den Lutherske kyrkja på Cuba. Samarbeidet vert forvalta igjennom kontakt med Normisjon.
Ein slik relasjon til Cuba vil mellom anna innebære:
- Utveksling av informasjon
- Løfte om forbøn
- Gjensidige besøk av leiarar og aktuelle med engasjement i saka
- Økonomisk støtte (gjennom eit takkoffer pr år i dei kyrkjelydane som innvilgar dette etter invitasjon frå biskopen/bispedømerådet)
- Utlån av prestar (helst spansktalande) for ein viss periode til undervisning m.m.
Tilsettingar
Bjørgvin bispedømeråd har tilsett følgjande prestar, som alle har takka ja til å ta imot stillingane:
Sokneprest i Bergensdalen prosti, med Sælen sokn som tenestestad: Gunn Kongsvik
Sokneprest i Åsane prosti med Biskopshavn som tenestestad: Marianne Bergsjø Gammelsæter
Spesialprest i Åsane prosti med Bergen fengsel som tenestestad: Carina Østensen Søfteland. Tilsettinga skjer med atterhald om at ho vert ordinert.
Kapellan i Fana prosti med Os sokn som tenestestad: Anette-Emilie Gangstø
Sokneprest i Sunnfjord prosti med Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal sokn som tenestestad: Erling Bakke Nydal
Sakliste
39/21 Saksliste Bjørgvin bispedømeråd
40/21 Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 30.04.2021
41/21 Rekneskapsrapport 1.tertial 2021
42/21 Mogleg vennskapssamarbeid med den Lutherske kyrkja på Cuba
Orienteringssaker
Tilsettingssaker
43/21 Tilsetting - Sokneprest i Bergensdalen prosti med Sælen sokn som tenestestad
44/21 Tilsetting - Sokneprest i Åsane prosti med Biskopshavn sokn som tenestestad
45/21 Tilsetting - Fengselsprest i Åsane prosti med Bergen fengsel som tenestestad
46/21 Tilsetting - Kapellan i Fana prosti, Os sokn
47/21 Tilsetting - Sokneprest i Sunnfjord prosti med Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal sokn som tenestestad