– Vi har i år mindre ressursar å rutta med enn tidlegare. Difor må vi gjera nokon grep for å sikra ein god nok økonomi i tida framover. Bispedømerådet har måtta redusera talet på stillingar, både i presteskapet og i administrasjonen ved bispedømekontoret, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.
Han varslar at dette kjem til å merkast på ulikt vis, men det er viktig å tilpasse aktivitetsnivået til dei ressursane ein rår over. – Det er ingen som vil bli sagt opp, det skjer endringar der det er ledige stillingar. Fleire av desse har vore vakante over lang tid, nokre stader skjer endringane ved naturleg avgang. Endringar i drifta kan også få oss til å tenkja nytt, og vi håpar også å få til løysingar som har gode sider, seier stiftsdirektøren.
Endringar på bispedømekontoret
Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om å redusere med eit fast årsverk i bispedømeadministrasjonen til 15 årsverk seinast innan 31.12 2025. Prosjektstillingar og samarbeidsavtalar vert gjennomgått.
Bergensdalen
I Bergensdalen prosti blir presteressursen redusert til 12 årsverk. Rådet opnar for at ein ressurs på femti prosent knytt til Bønes sokn mogelegvis kan behaldast. Eit samarbeidsprosjekt rundt konfirmantarbeidet blir inntil vidare vidareført.
Føresetnaden for vedtaka er at Løvstakksiden sokn vert overført til Bergen domprosti frå 1. januar 2025. Vedtak om endring av prostigrenser vil kome som eiga sak når sokna i Domprostiet er høyrde.
Vidare innsparingar
Bjørgvin bispedømeråd gjev stiftsdirektøren fullmakt til å styre den vidare prosessen med innsparing og å endre fordeling av presteårsverk ut frå dei føringane som er gitt i saksframlegget og ut frå dei strammare økonomiske rammene som til er stilt til disposisjon. På kort sikt legg ein opp til stram vakansestyring og minimal vikarbruk.
Bispedømerådet ber administrasjonen starte eit arbeid på å sjå på ei oppdatert og utjamnande fordeling av ressursane innan både tilskotsmidlane og presteressursane sett under eitt.
Bispedømmerådet ber vidare stiftsdirektør gjennomføre reduksjon av tilstrekkeleg årsverk i både administrasjonen og i presteteneste etter innspela frå prostia og etter drøfting med dei tillitsvalde.
Rådet støttar at ein ser på permanente innsparingstiltak framfor vakansestyring og at drifta vert tilpassa tilgjengelege ressursar lokalt.
I den grad ein får rom for omfordeling av ressursar eller har midlar til strategiske satsingar blir dette fremja for bispedømerådet som sak.
Tiltaka om nedskjering gjorde at Bjørgvin bispedømeråd kunne ta budsjettet med tiltak for å kome i balanse til vitande.
Stillingar med prest under utdanning
Bjørgvin bispedømeråd opprettar ei stilling for prest under utdanning (PUU) i Sunnfjord prosti i sokna i Jølster, og ei PUU-stilling i Åsane prosti, knytt til Salhus sokn. Slike stillingar er opne for prestestudentar under utdanning.
Fast tilsetting i prestestillingar for søkjarar som ikkje er prest
Bjørgvin bispedømeråd tek til orientering vedtaka om å gje fast stilling til:
Siri Mjølsnes som rådgjevar med oppgåver innan inkludering, ungdom og undervisning i Åsane prosti, i kappelanheimel for Åsane sokn
Bengt Arvidson som rådgjevar med presteoppgåver i Hardanger og Voss prosti, i sokneprestheimel for Røldal og Skare sokn.
Arve Opsahl-Engen som rådgjevar med presteoppgåver i Hardanger og Voss prosti, i sokneprestheimel for Jondal sokn
Oppnemningar
Bjørgvin bispedømeråd gjer ei supplerande oppnemning til
Varamedlem til styret i Bergen Kirkelige dialogsenter: Håkon Glatved-Prahl
Medlem til representantskapet i Kirkens Bymisjon: Kristin Jordheim Bovim
Bispedømerådet starta også drøftinga av strategiske val og prioritering av ressursar framover med utgangspunkt i årsrapporten for 2023.
Sakliste
23/24 Sakliste Bjørgvin bispedømeråd 06.06.2024
24/24 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 13.03.2024
25/24 Sak om å redusere årsverk i bispedømeadministrasjonen 2024
26/24 Sak om å endre presteressursane i Bergensdalen prosti
27/24 Vedtak om reduserte presteårsverk frå og med 2024 – Ikkje offentleg, jf. Offentleglova § 14 1. ledd
28/24 Budsjett 2024 i balanse
29/24 Oppretting av PUU stilinger i Åsane prosti og Sunnfjord prosti (2024-2026)
30/24 Bruk av andre stillingskategori ved fast tilsetting i prestestilling
31/24 Ulike suplerande oppnemningar
32/24 Første drøfting av strategiske val med utgangspunkt i årsrapportering for 2023
Orienteringssaker
33/24 Rekrutteringsprosesser pr. 29.05.2024 - oversyn over tilsetjingar frå 14. mars.