Den nytilsette prosten har åtte dagar på seg til å svare på tilbodet om stillinga. Grutle er i dag prost i Indre Nordmøre prosti.
Bispedømerådet hadde eit kort, digitalt møte, der dei elles gjorde følgjande vedtak:
Kven skal godkjenna sal eller riving av kyrkjebygg
Kyrkjelova vart frå 1. januar 2021 historie og avløyst av kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Nytt regelverk for godkjenning av endring på verneverdige kyrkjer, har medført at delar av kyrkjeordninga må justerast. I svar på ei høyring om dette, går Bjørgvin bispedømeråd inn for at det er biskopen som skal gjera vedtak i saker knytt til avhending eller riving av kyrkjer, og at Kyrkjerådet skal vera klageorgan.
Bjørgvin kirkelige fond
Bjørgvin bispedømeråd oppnemner følgjande tre styremedlemer i Bjørgvin Kirkelige Fond fram til mars 2023:
Ola Honningdal Grytten, Asgeir Magne Remø og Francine Mbanza Jensen.
Sakliste
12/21 Saksliste Bjørgvin bispedømeråd
13/21 Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 02.02.2021
14/21 Bjørgvin bispedømeråd - Oppnening styremedlem Bjørgvin Kirkelige Fond 2021-2023
15/21 Høyring - Endring i kyrkjeordninga som følgje av ny kyrkjebyggforskrift
Orienteringssaker
16/21 Visitasrapport ved bispevisitas i Skjold 26. - 27. og 30. august 2020
17/21 Høring om ordning for fortsatt tilsetting etter fylte 70 år
Tilsettingssaker
18/21 Tilsetting - Prost i Åsane prosti
Lenke til protokoll frå møtet nedst på sida