Sokna Hafslo og Solvorn i Luster blir slått saman til eitt sokn frå 1. januar 2024. Det betyr at det ved kyrkjevalet i haust, vil vera ei felles liste til soknerådet i det nye soknet.
Tilsettingar
Bjørgvin bispedømeråd har tilsett prestar i følgjande fire stillingar der tilsette har teke imot stillinga:
Sokneprest i Sunnhordland prosti - Husnes og Holmedal: Åse Selsvold
Spesialprest i Sunnhordland prosti – Stord og Nysæter sokn: Runar Larsen
Kapellan i Åsane prosti – Arna sokn: Gina Marie Reisæter-Thu
Sokneprest i Bergensdalen prosti – Løvstakksiden sokn: Anne Line Kroken Holme
Budsjett og årsplan
Bjørgvin bispedømeråd har vedteke budsjett for 2023 med innsparingskrav på kr 400.000 pr. prosti og i bispedømekontoradministrasjonen. Det skal utarbeidast endeleg plan for innsparing i dialog med dei tillitsvalde. Årsplanen for 2023 vart også vedteken.
Bjørgvin kyrkjelege fond
Bjørgvin kyrkjelege fond forvaltar verdiar etter sal av bispedømerådet sine tidlegare kontorlokale. Følgjande er oppnemnde som styremedlemer i Bjørgvin kyrkjelege fond 2023-2025: Ola Honningdal Grytten, Asgeir Magne Remø og Francine Mbanza Jensen. Bispedømerådet gav signal om å føra ei restriktiv linje på utdeling av midlar, og signal om at bispedømet si satsing mot ungdom og kyrkjelydsarbeid vil vere prioritert når ein kjem til ei eventuell utdeling frå 2025. I 2023 vil bispedømerådet søkja på eit prosjekt knytt til videoproduksjon/undervisningsopplegg til jubilea i 2024 (Kristenretten på Moster og Magnus Lagabøte si landslov).
Høyring om samlivsform
Bispedømerådet skulle gjera vedtak om ein høyringsuttale om høvet til å spørja etter samlivsform ved tilsetting i Den norske kyrkja. Saka vart utsett til møte 14. mars.
Protokollen finn du lenke til nedanfor. Den er godkjent i møte 14. mars. Nye reglar gjer at innstillingar og voteringar ikkje er teke med i den offentlege protokollen. Desse opplysningane kan etterspørjast.