Bispedømeråd med tilsetjing av prost i Nordfjord

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i møte 18. februar ny prost i Nordfjord, to prestar i Vik og kapellan i Salhus. Planar for ein mogeleg pilegrimsgård i Fana og eit kyrkjeleg kultursenter for Vestlandet stod også på saklista.

Bjørgvin bispedømeråd vil arbeida aktivt med å vurdera framtidig bruk av Fana prestegard som eit stiftssenter og ein pilegrimsgard. Foto: Atle Skjerlie

Stian Heggedal vart tilsett som prost i Nordfjord.
Karen Helene Bøhn Melhus vart tilsett som sokneprest i Sogn prosti med sokna i Vik som tenestestad og Rasmus Rustad vart tilsett som fengselsprest/prostiprest i Vik.
Thor Haavik vart tilsett som kapellan I Åsane prosti, med Salhus sokn som tenestestad, med atterhald om ordinasjon.

Fana prestegard

Bjørgvin bispedømeråd har vurdert framtidig bruk av Fana prestegard, og no har bispedømerådet oppnemnd eit interrimsstyre til Pilotprosjektet Stiftssenteret Fana pilegrimsgard. – Styret får fullmakt til å fatte vedtak knytt til utvikling av konsept, namn, byggetekniske val i tråd med budsjett (huseigar), estetiske val. Styret skal balansere dei gode ønsker mot realisme og bærekraft i prosjektet, heiter det i vedtaket.
I interrimsstyret sit medlem av Bjørgvin bispedømeråd Karl Johan Kirkebø, sokneprest i Fana Lars Martin Hol, prost i Fana Kristin Sævik Litlere og stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.

Les også: Stor interesse for Fana prestegard

Kyrkjeleg kultursenter for Vestlandet
Bergen domkirke menighet arbeider med planar om eit mogeleg kyrkjeleg kultursenter. Bjørgvin bispedømeråd berømmar kyrkjelyden for arbeidet dei har lagt ned så langt, og trur at eit slikt senter vil kunne medverka til foredling og vidareutvikling av den kompetansen og eigenarten som finst i kyrkjene/dei kyrkjelege musikk- og kulturmiljøa på Vestlandet.
Bispedømerådet oppnemnde Karl Johan Kirkebø som sin representant i ei arbeidsgruppe for senteret. Denne gruppa skal vurdere prosjektet sitt potensiale og stake ut ein farbar veg for eventuell forankring og etablering.

Sunnivafestival
I høve at Bergen by markerer 950 år og at det er 850 år sidan relikviane etter Sankta Sunniva vart førte frå Selja til Bergen, er det planar om ein Sunnivafestival i Bergen 2. – 12. september.
Bjørgvin bispedømeråd innvilgar ein underskotsgaranti på kr 100 000 øyremerka konserten fredag 4. september 2020 - Arven frå Vest - Musikalsk samspel Irland Noreg med Sankt Sunniva som inspirasjon.

Styremedlemer og representantar
Styremedlemer i Bergen kirkelige dialogsenter, oppnemnd av Bjørgvin bispedømeråd:
1. Domprost Gudmund Waaler, fast medlem
2. Astrid Fylling, fast medlem
3. Seniorrådgjevar Vetle Karlsen Eide, 1. varamedlem
4. Prost Øystein Skauge, 2. varamedlem

Representantar til Kirkens Nødhjelp sitt representantskap 2020 - 2024
Fast representant: Kjersti Brakestad Boge
Vararepresentant: Ivar August Bye

Protkoll: Sjå lenke nede på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"