Orientering om prosess på kyrkjeleg organisering
Kyrkjerådet vil 1. juni sende ut høyringsdokument for kyrkjeleg organisering. Stiftsdirektøren har vore i møte med leiar i kyrkjeverjelaget, biskop og bispedømerådsleiar og ein er samde om å sende ut eit brev med oppmoding om å organisere lokale samlingar i prostia. Ein utfordrar prost og kyrkjeverje som er medlem i kyrkjeverjelaget til å organisere dette. Bispedømekontoret kan stille med kompetanse. Orienteringane skal vere lagt opp slik at ulike sider ved høyringsnotatet blir best mogleg opplyst.
Andre saker
Diakoniutvalet fekk oppnemd soknediakon i Sogndal, Gitte Therkelsen Torstad, som nytt medlem.
Ein ny rettleiarperm for arbeid med frivillige er under arbeid. Bispedømerådet fekk lesa dokumentet og kom med kommentarar.
Bjørgvin bispedømeråd vedtok høyringsvar på liturgiar og føresegner for tredagarshøgtida, skjærtorsdag, langfredag og påskenatt.
Bispedømerådet drøfta ulike sider ved utfordringar rundt rekruttering, med grunnlag i ein rapport frå konsulentfirmaet PWC.
Sakliste
30/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
31/21 Godkjenning av protokoll frå møtet 25. mars 2021
32/21 Bjørgvin diakoniutval 2020 - 24: oppnemning av nytt utvalsmedlem (suppleringsval)
33/21 Intern høyring på ny rettleiarperm for frivillige
34/21 Bjørgvin bispedømeråd - orientering om prosess på kyrkjeleg organisering
35/21 Høyring av liturgiar for påskas heilage tre dagar
36/21 Bjørgvin bispedømeråd - Drøfting av rekrutteringstiltak ut frå PWC-rapport
Tilsettingssaker
37/21 Tilsetting - Sokneprest i Åsane prosti med Åsane sokn som tenestestad
38/21 Tilsetting - Sokneprest i Sogn prosti med sokna Hafslo, Solvorn og Fet & Joranger som tenestestad
Lenke til protokollen nedst på sida