Bispedømerådet svarte på høyring om reglar for val av sokneråd og leke medlemer til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. Det meste av regelverket knytt til kyrkjevalet i 2023 er bestemt, men det står att nokre justeringar som skal opp på kyrkjemøtet i september.
Bispedømerådet har også uttalt seg i ei høyring om ein ny type rekrutteringsstilling i Den norske kyrkja - prest under utdanning.
Siste sak på dette korte møtet var ei drøfting av korleis bispedømerådet kunne henta inn forslag på namn til ny biskop i Bjørgvin. Dei har vedteke at alle som vil, kan gje innspel til kva eigenskapar dei tenkjer at ein biskop bør ha, og namn på mogelege kandidatar. Les meir om dette via lenke til sak nedst på sida.