To digitale bispedømerådsmøte i mai

Bjørgvin bispedømeråd var samla til digitalt møte to gonger i mai. Det vart tilsett fleire prestar, svart på høyringar og oppnemnd utval

Fridalen kirke

Bjørgvin bispedømeråd har gjort følgjande tilsejingar:

Sokneprest i Bergensdalen prosti med Fridalen sokn som tenestestad: Eli Johanne Rønnekleiv.

Sokneprest i Bergen domprosti med Olsvik sokn som tenestestad: Martin Aalen Hunsager

Sentrumsprest i Bergen domprosti med Bergen domkirke menighet som tenestestad: Beate Iren Lerdahl

Sokneprest i Fana prosti med Os sokn som tenestestad: Roar Hallesby Evjedal

Kyrkjefagforvaltning

Bispedømerådet har vedteke høyringsfråsegn om kyrkjefagforvaltninga i Rettssubjektet Den norske kyrkja, det vil seia korleis ein organiserer rådgjeving og forvaltning ved bispedømekontora og i Kyrkjerådet.

I innleiinga til svaret sitt, skriv bispedømerådet blant anna:

Eit grunnleggande spørsmål er på kva nivå kyrkjefagforvaltinga skal organiserast. Me meiner at det bør vera på bispedømenivået som no. Då kan ein få eit sentralt nok nivå til å få heile stillingar og god kompetanse samtidig som ein er nær nok kyrkjelydane til å kjenna dei lokale forhold og kunne gje god målretta rådgjeving. Det sikrar at biskopen sitt tilsyn har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar rundt seg til å fungera godt. Alternativa er at det vert sentralt organisert med nasjonale ressurssenter eller at ein bygger opp rådgjeving på fellesråds eller på prostinivå. Begge desse alternativa er dårlegare. Eit nasjonalt nivå er for langt vekke frå livet i kyrkjelydane og dersom ein skal ha lokale kyrkjefaglege rådgjevarar vil det betyr ei byråkratisering og tapping av kyrkjelydane for ressursar som kyrkja ikkje har råd til. 

Oppnemningar

Bjørgvin bispedømeråd oppnemnde utvalsmedlemer til dei ulike utvala i Bjørgvin bispedøme for perioden 2020 – 2024:

Bjørgvin diakoniutval:

  • Inger Cesilie Fitje, soknediakon i Førde
  • Rita Eldholm, soknediakon i Åsane
  • Trygve Stabrun, bymisjonsprest Stiftelsen Kirkens Bymisjon Bergen
  • Karl Dag Bærug, nestleiar Kirken SOS Bjørgvin
  • Hildur Løkken Lillestøl, kateket i Os
  • Kjell Olav Nordheim, sokneprest i Askvoll

Bjørgvin bispedøme sitt inkluderingsutval (utvalet for utviklingshemma):

  • Leif Arne Økland
  • Kristin Buhaug
  • Jostein Bildøy
  • Kari Elster Moen
  • Reidun Mangersnes Moe
  • Linda Bårdsen
  • Roar Strømme (sekr.)

Bjørgvin bispedøme sitt pilegrimsutval:

  • Inger Helene Nordeide, fagkonsulent i Plan B, Førde. Leiar
  • Berit M. Andersen, pensjonert prest, Bergen
  • Eli-Johanne Rønnekleiv, sokneprest i Selje
    • Varamedlem Gunn Helgensen, pilegrimskoordinator
  • Margit Gjørv, pilegrimskoordinator i Røldal
    • Varamedlem sokneprest i Røldal
  • Knut Magne Nesse, sokneprest i Kinn
  • Sissel Johanne Fylkesnes Våge, diakonimedarbeider i Sunnhordaland prosti

Inger Helene Nordeide og spesialrådgjevar Ragna Sofie Grung Moe er Bjørgvin bispedøme sine kandidatar til «Nasjonalt kirkelig pilegrimsutvalg» for perioden 2021-2024

Bjørgvin bispedøme sitt kyrkjemusikkutval:

  • Kjetil Almenning, domkantor
  • Sigurd Øgaard, varamedlem
  • Solveig Sørheim, organist i Etne
  • Øystein Lund Olafsen, organist på Bømlo

Bispedømerådet gjorde også vedtak om mandat for desse utvala og for arbeidsgruppa for Kirkelig kultursenter vest

Kyrkjemøtet 2020

Bispedømerådet hadde også eit ekstraordinært møte 20. mai for å vedta eit høyringssvar om gjennomføring av kyrkjemøtet i 2020.

Bjørgvin bispedømeråd meiner at det er viktig at Den norske kyrkja strekker seg veldig langt for å få gjennomført Kyrkjemøtet i 2020. - Kyrkjemøtet er det viktigaste demokratiske møtet for kyrkja og ikkje noko som bør avlysast om det blir utfordrande å gjennomføre. Så sjølv om det også hausten 2020 vil vere omfattande smitteverntiltak, håpar Bjørgvin bispedømeråd at det vil vere mogeleg å gjennomføre årets Kyrkjemøte som planlagt.

Om det ikkje skulle bli mogeleg å gjennomføre, meiner Bjørgvin bispedømeråd at det beste alternativet vil vere å forlenge funksjonstida for Kyrkjerådet fram til Kyrkjemøtet i april 2021

For andre saker, sjå saklista nedanfor og lenke til protokoll under saka.

Sakliste 13. mai

15/20  - godkjenning av toårig prosjektstilling på Voss

16/20  - Økonomirapport 1.kvartal 2020

17/20  - Prosjekt for utarbeiding av ny Strategiplan 2021-2024

18/20 - Bjørgvin bispedøme - Årsrapport 2019

19/20 - Høyringsvar frå bispedømerådet - gjennomgang av kyrkjefagforvaltinga

20/20 - Oppnemning til Stiftelsen Kirkens Bymisjon Bergen - representantar frå Hardanger og Voss prosti

21/20 - Oppnemning av utval i Bjørgvin bispedøme for perioden 2020 - 2023: diakoniutval, inkluderingsutval (utval for utviklingshemma), pilegrimsutval og kyrkjemusikalsk utval

22/20 - Mandat for Bjørgvin bispedøme sitt diakoniutval, kyrkjemusikalsk utval og pilegrimsutval

23/20 -Bjørgvin kirkelige fond - Oppnevning av styremedlemmer 2020-2022

Orienteringssaker

Referatsaker

Tilsettingssaker

24/20 Tilsetjing - Sokneprest i Bergensdalen prosti med Fridalen sokn som tenestestad -

25/20 Tilsetting av sokneprest i Bergen domprosti med Olsvik sokn som tenestestad

26/20 - Tilsetjing - Sentrumsprest i Bergen domprosti med Bergen domkirke menighet som tenestestad

27/20 - Tilsetting av sokneprest i Fana prosti med Os sokn som tenestestad

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"