Treng eit nytt hjarte

– Verda treng eit nytt hjarte, nei, eg treng eit nytt hjarte, sa erkebiskop Stephen Cottrell av York som var blant dei internasjonale gjestene under kristenrettsjubileet på Moster. Han deltok i festgudstenesta, i tillegg til å preike på ei midnattsgudsteneste og delta i verdisamtalar.

Erkebiskopen av York, Stephen Cottrell, meiner vi må bli meir som Jesus for at verda skal bli betre. Her saman med biskop em. Halvor Nordhaug i ein av verdisamtalane som fann stad i framfor veggen på gamle Moster kyrkje.

Det var i ein samtale med tidlegare biskop Halvor Nordhaug om kyrkja si rolle i samfunnet  at erkebiskopen snakka om trongen for å ein hjartetransplantasjon. – Eg trur eg ville ha vore ein betre, snillare, meir generøs person dersom eg hadde eit hjarta som Jesus, sa Cottrell.

Endre verda eitt hjarte om gongen

–  Difor ber eg: Herre, gjer meg meir som Jesus. Gjer meg til ein person som tilgjev, som viser miskunn. Dette ønskjer eg for meg sjølv og for alle andre. Kyrkja har eit profetisk og ofte politisk oppdrag. Vår hovudoppgåve er å fortelja om Jesus, han viser oss at det er slik menneska er meint å vera. Eg vil endra verda, men vi må kanskje måtta gjera det eitt hjarta om gongen, sa erkebiskopen som er djupt engasjert i kyrkja si rolle i verda.

Han visste eigentleg lite om kristenrettsjubileet før han kom til Moster, men det han lærte om historia, blant anna ved å gå gjennom den faste utstillinga i Moster amfi, var inspirerande.

Visjon for verda vår

– Det som skjedde her for eitt tusen år sidan var at då den kristne trua tok til å ta tak i nasjonen, måtte det bety noko i livet til folk. Så difor vedtok ein lover som klart hadde sitt utspring i denne trua. Det som rørte meg mest var lova som sa at alle, uansett kven dei var, hadde rett til å bli gravlagde på same gravplass. For vi er alle like for Gud, vi er alle Guds born. Berre denne vesle tingen seier så mykje om kva vi trur om oss sjølve. Så eg fann det rørande å komma her, sa Cottrell og la til: – Det er denne visjonen, at menneska tilhøyrer kvarandre, at vi er ei menneskeslekt, fordi vi alle er skapt i Guds bilete og er Guds born, som er drivkrafta mi for jakta på rettferda.

Dersom søster mi eller bror min i dei fattige områda i Nord-England eller i andre delar av verda lid, er deira interesse knytt til mi interesse. Eg kan ikkje lata som om eg ikkje høyrer saman med dei og at dei ikkje høyrer saman med meg. Med dette følgjer det eit ansvar, og for tusen år sidan gjorde de i Noreg desse pliktene om til lover. Dei medførte at mange menneske fekk oppleve rettferd og fridom, sa erkebiskopen som meiner at vi i vår tid må gjera det same.

– Når vi ser på korleis vi behandlar dei fattigaste av dei fattige, urfolk, flyktningar og asylsøkjarar og på korleis vi reagerer på dei menneska i andre delar verda som lid på grunn av ei klimakrise som det i stor grad er vi i Vesten som har skapt, så har vi plikter som må prega dei måtane vi lever våre liv på. Dette må også prega lovene våre og måten vi brukar pengane våre på. Så denne helga har vore rørande for meg,  det handlar om ein visjon for kva verd vi ønskjer å leva i, sa erkebiskop Stephen Cottrell.

Erkebiskop Stephen Cottrell på veg opp trappa i Moster amfi med biskop Ragnhild Jepsen framfor seg og preses Olav Fykse Tveit bak seg, alle i bispekåper.

Erkebiskopen av York, Stephen Cottrell, var med i festgudstenesta i Moster amfi 2. juni. Her går han mellom biskop Ragnhild Jepsen og preses Olav Fykse Tveit. Foto: Gjermund Øystese, Norges kristne råd.

Les meir om feiringa av tusenårsjubileet for kristenretten ved å klikke på lenka nedst på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"