Kurset er sikta inn på folk som har eller ønsker å få leiaransvar i vår kyrkje, og som vil dyktiggjere seg til denne oppgåva. Kurset er opent både for prestar og andre medarbeidarar som fyller opptakskrava. De kan lesa nærare om kursinnhald og opptakskrav her: https://kirken.no/samspill
Vi ønsker gjennom denne utlysinga å få søkarar til kurset «Ledelse, roller og samspill i menighetene». Vi vonar og trur at mange av dykk vil ha interesse og utbytte av dette kurset. Det er viktig for kyrkja at mange skaffar seg kompetanse på dette feltet no når vi er på veg mot ei ny kyrkjeordning.
Søknaden for prestane går via påteikning frå prost til bispedømekontoret innan 15. september. Bruk søknadsskjemaet du finn på Bispemøtet si nettside for etter og vidareutdanning. Søkarar må sjølv søke til studiestaden innan 30. september.