BEDEHUS – ei ny tid for dei små forsamlingar
I samarbeid med Bergen kirkeautunnale. Støtta av KA.
Tid: Torsdag 24. september kl. 10 – 15.30
Stad: Bergen - Centralkirken v. Fløibanen
Pris: 500 kr
Påmelding: snarast via Checkin
NB! Begrensa tal på deltakarar.
Fagdagen vil også bli streama direkte eller du kan sjå den i opptak. For tilgang til sendinga må du være påmeld. Det kostar 100 kr. Lenke til sendinga blir lagt ut her før arrangementet startar.
Program
Kl. 10: Kyrkjemusikken – må vi kjempe for plassen vår?
Nestleiar i CREO – fagforeninga for kyrkjemusikarar, Anders Hovind, fortel om kampen for å få kyrkjemusikken tilbake i teksten for ny lov om tru- og livssynssamfunn. Han vil og innleie om både utfordringar og moglegheiter for kyrkjemusikarane i vår nye digitale kyrkjekvardag.
Kl. 11: Kyrkjemusikk på nett
Kompetente kollegaer deler kunnskap og erfaringar
Kl. 11.45 Kyrkjeleg kultursenter Vest
Orientering ved Karl Johan Kirkebø, leiar av arbeidsgruppa og Lars Kristian Stendahl Gjervik, medlem av arbeidsgruppa og sjef for Menighetsavdelingen i BKF.
I løpet av fagdagen blir det val av representant til arbeidsgruppa for utvikling av Kyrkjeleg kultursenter Vest.
Kl. 12: Lunsj
Kl. 13: Erfaringsdeling frå Korona-tida
Vi inviterer deg til å sende inn digitalt materiale (bilde, video, lyd) til felles visning. Meld frå i påmeldinga om du vil kome med eit innlegg her.
Kl. 13.45: Ny gudstenesteordning
Prost Svein Arne Theodorsen, leiar av Nemnd for gudstenesteliv i Den norske kyrkje, innleier til samtale om innhald i og implementering av ny gudstenesteordning.
Kl. 14:30: "Smalprat" med Nils Henrik Asheim
Dagen vil bli krydra med songar frå bedehustradisjonen, med tonefylgje frå trøorgel.
Ver varmt velkomen til ein inspirerande fagdag i spennet mellom bedehus og nettkyrkje!
Kyrkjemusikkutvalet i Bjørgvin bispedøme:
Kjetil Almenning, domkantor, leiar
Solveig Sørheim, kantor i Etne
Øystein Lund Olafsen, kantor på Bømlo
Ragna Sofie Grung Moe, seniorrådgjevar – kultur