Det nye bispedømerådet skal verljast for perioden 1. januar 2020 – 31. desember 2023. Bispedømerådet har sju leke medlemer, ein lek kyrkjeleg tilsett og ein prest. Biskopen er i tillegg fast medlem.
Fleire lister
Det vil ved bispedømerådsvalet 9. september vera mogeleg å stemma på kandidatar som står på ei breitt samansett liste, nominasjonskomiteen si liste. Denne består av kandidatar foreslått av sokneråda, ungdomsrådet i Bjørgvin og medlemene av nominasjonskomiteen.
I tillegg, kan det koma inn andre lister frå andre grupper, slik at velgjarane kan velja mellom ulike lister og personar. Felles frist for å fremja lister er 30. april.
Bispedømerådet sine oppgåver
Om bispedømerådet sine oppgåver seier kyrkjelova § 23 at rådet skal ha merksemda si på alt som kan gjerast for å vekkja og gje næring til det kristelege livet i kyrkjelydane, og det skal fremja samarbeidet mellom dei enkelte sokneråda og andre lokale arbeidsgrupper i bispedømet. Medlemene i bispedømerådet utgjer også Bjørgvin sine medlemer i Kyrkjemøtet, Den norske kyrkja sitt høgste organ.
Kven kan vera kandidat?
Bispedømerådet har om lag åtte møte i året. Eit verv i rådet krev evne til å setja seg inn i store og til dels kompliserte saker, god kjennskap til Den norske kyrkja og eit ønskje om å vera med å leia kyrkja. Både unge og erfarne vil ha mykje å gje i eit slikt arbeid. Dei vil få vera med på å tilsetja prestar, arbeida med strategi og økonomi, gudstenesteliv, rammer for arbeidet i sokna og kyrkjepolitiske saker.
I den komande valperioden skal truleg ny kyrkjeordning på plass, og kyrkja skal som alltid finna ut kva det vil seia å vera kyrkje i ei tid prega av endring.
Sokneråda kan foreslå kandidatar til nominasjonskomiteen si liste
Nedst på sida finn de eit skjema til bruk ved innsending av forslag på kandidatar. Sokneråda sender utfylte skjema til bispedømekontoret på bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Foreslå kandidatar til bispedømerådsvalet 2019 innan 1. mars
Til bispedømerådsvalet i Bjørgvin 2019 kan kvart sokneråd foreslå opptil fire kandidatar til nominasjonskomiteen si liste. Fristen er 1. mars. Dette er ein sjanse for soknreåda til å påverka bispedømet og Kyrkjemøtet.