Påsketradisjonar må ein jobba for å ta vare på. Kva påsketradisjonar har du og kva for nokre vil du gje vidare til neste generasjon?
Mange likar å gå i kyrkja i løpet av påska. I år er det ingen gudstenester eller konsertar å gå på, men det er likevel ting å finna på:
- Mange kyrkjer i heile bispedømet har laga påskevandringsløyper i og rundt den lokale kyrkja. Du finn info om dette på heimesida til din lokale kyrkjelyd.
- Kyrkjene er nokon stader opne for alle, du kan gå der åleine eller saman med familien for å tenna lys og be ei bøn. For ein del kyrkjer gjeld dette i tida kring vanleg gudstenestetid i påska.
- Mange kyrkjer har lagt ut sine tilbod for born og familiar via sine facebook-sider og heimesider.
Det vil vere nokre konsertar og gudstenester på nett gjennom heile påska. - IKO, som gir ut bøker og liknande, tek oss med tett på påskefortellinga på ein ny og spennande måte. Utforsk påskeforteljinga med å gå tilbake i tida, lær om romartal og mykje meir på denne sida.
- På kyrkja.no finn du ein påskequiz der du kan delta på kahoot samaen med mange frå heile landet.
- Gode tips til heimepåske med barn
Påska er ikkje avlyst- tvert om - den er open og står like klart med sin bodskap om Jesu veg frå liding til oppstode!
Tipsa kjem frå Anine Vieth Mildestvedt, menighetspedagog, prosjektansvarleg for ungdom 15-18 år i Bjørgvin bispedøme.