Hjelpesendinga vår er framme på Cuba

Før jul sende Bjørgvin bispedøme og Normisjon ei hjelpesending til Cuba. No er alt framme på øya og i ferd med å bli fordelt ut til folk gjennom eit nettverk av kyrkjer.

Hjelpesendinga frå Noreg er framme på Cuba.

Utdelinga i gang

Fredag 9. juni kom bilen med containeren frå hamna i Santiago de Cuba til kyrkja Iglesia Evangelica Unida en Cuba  (IEU) der 15 personar stod klare. Dei lossa containeren på tre timar og bar alt til tilviste rom i kyrkja, for inspeksjon av Tollvesenet og for å starte systematisk fordeling av innhaldet til dei ulike kyrkjelydane som gjer den konkrete fordelinga av mat, klede, leikar, syklar, hygieneartiklar til einskildpersonar og ulike institusjonar. Sendinga blir fordelt til folk i dei austlege provinsane Santiago, Guantánamo og Holguín.

 

Enormt takksame

Biskop Virgen Laborde

– Vi er så takksame til Normisjon og folk i Bjørgvin bispedømme for å hjelpe oss i den vanskelege situasjonen landet vårt går gjennom, seier biskop Virgen Laborde i IEU. 

– Tusen, tusen takk, i Kristi namn, til alle brødre og søstre som på ein eller annan måte har bidratt til dette som vi vil fordele vidare gjennom eigne kyrkjer og kyrkjer vi jobbar saman med.

– I ein situasjon der mange familiar og einskildpersonar på Cuba lever i «ekstrem fattigdom» og ikkje har nok pengar til mat, såpe, vaskemiddel eller klede, så er det veldig meiningsfullt å dele med våre søsken på Cuba på denne måten, seier Kjell Ove Hatlem, koordinator for Bjørgvin bispedøme sitt venskapssamarbeid med IEU og Normisjon sin Landkoordinator for Cuba. 
– Og gjennom mange år med samarbeid med desse kyrkjene, så veit vi at hjelpa kjem fram til dei som treng det, legg han til.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"