Ny biskop gler seg til påskejubel

Ragnhild Jepsen blir vigsla som ny biskop i Bjørgvin første søndag etter påske, 16. april. Ho har prøvd bispekåpa og er klar for å bli beden for og få bispekrossen lagt over skuldrene i Bergen domkirke av preses, leiande biskop Olav Fykse Tveit.

Ragnhild Jepsen prøver bispekåpa ho skal bera under vigslinga i Bergen domkirke søndag 16. april.

Ragnhild Jepsen har vore til stades i fleire bispevigsler tidlegare.  Ho trur ein slik dag kan vera god å ha i ryggen seinare. — Det er mykje fest og fokus på ein person, og det er fint å ha med velsigninga, bønene og fellesskapet når kvardagen kjem med ulike krevjande situasjonar. Det er noko stort i det å bli sett og kjenne på kyrkja sitt tydelege ja til meg som biskop, eg ser verkeleg fram til den dagen. Eg er også veldig glad i å feire gudsteneste, og det blir flott å syngja påskesalmar denne første søndagen etter påske, seier ho.

– Er påska relevant i vår tid?
– Når me jublar påskegleda ut på første påskedag, er det på vegner av alt Gud har skapt som også skal bli nyskapt. Det som hende i påska med Jesu død og oppstode er det endelege beviset på at Gud har frelst sin skapning og har tru på mennesket og alt Han har skapt, seier den komande biskopen.

– Kva ser du fram til ved å bli biskop?
– Eg ser fram til på bli kjent i bispedømet og med menneska her, med kyrkjelydane, både tilsette og frivillige medarbeidarar. Eg ønskjer også å vera ei tydeleg stemme i kyrkja og på vegner av kyrkja, seier den komande biskopen. Ho er ikkje klar til å lansera noko særleg satsingsområde for sin eigen del. – Eg vil først av alt lytta meg inn til kyrkja og livet i Bjørgvin. 

Den nye biskopen kjem frå Ål i Hallingdal. Ho har røter i Vestland, men har ikkje budd her før. – Eg gler meg til å flytte til Bjørgvin og ser fram til å bli kjent i byen og fylket. Det blir mykje nytt, ikkje minst det å etablera seg med eit nettverk, også på fritida, det er eit arbeid i seg sjølv, seier Ragnhild som med seg til bispebustaden på Landås har ektemannen Einar Vegge. Han er pilegrimsprest i Nidaros, og har reist langs delar av kystpilegrimsleia i bispedømet vårt. Dette ser også Ragnhild fram til å få høve til. Dei har to vaksne born, Håkon og Ingjerd.

– Du sang i kor i Nidarosdomen, trur du at du får tid til å synga i kor i Bergen?
– Det skal vel godt gjerast. Eg har sunge i kor sidan eg var tre år, og viss det byr seg eit høve, seier eg ja, kanskje til eit prosjektkor? 

Ragnhild Jepsen har vore prest i 25 år, først som kapellan i Åmot i Østerdalen, sidan som kapellan og sokneprest og frå 2011 domprost i Nidaros domprosti. – Dette har gjeve meg mange erfaringar og møte med menneske i sorg og glede som eg tek med meg. Eg har som prost også vore mykje med i rådsarbeid, bl.a. fellesrådet i Trondheim. Eg er oppteken av at både organisatoriske strukturar og alt det praktiske med bygningar og liknande gjev gode rammer for at kyrkjelyden kan driva sitt kyrkjelydsbyggjande arbeid,  seier den nye biskopen. Dei som har møtt henne, skjønar at ho er glad i å vera saman med folk og ho fortel at ho, på same måte som andre i staben, ofte har vore vertskap for besøkande til Nidarosdomen, anten det er store eller små grupper.

– Kva har kyrkja å «tilby» til folk flest?
– Gode fellesskap der du kan koma uansett alder, funksjon eller prestasjon. Me skal også vera ein fortolkar av tida vår. Dersom me til dømes opplever barnefattigdom, korleis kan me då vera kyrkje på ein truverdig og evangelisk måte? Dette må skje lokalt, men det er viktig å ha støtte frå bispedømet. 
Eg synest det er viktig at kyrkja, som ein del av lokalsamfunnet, spelar saman med lokale organisasjonar, skular og grupper. Eg vil også oppmuntra til å byggja kristne fellesskap der me samlast om det som er umisseleg for oss. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"