Johan Nordahl Brun-prisen blir kvart år delt ut av biskopen i Bjørgvin til ein person, ein institusjon eller ei verksemd i eller med tilknytning til Bjørgvin bispedøme som har markert seg i kyrkje- og/eller samfunnsliv på ein måte som vidarefører noko av arven frå Nordahl Brun.
Særleg aktuelle er dei som har virka som brubyggjarar mellom kyrkja og samfunnet elles.
Prisen blir i 2020 delt ut for niande gong. Nytt av året er at vi opnar for forslag om prisvinnarar og at prisen blir delt ut nær prisvinnaren sin arbeids- eller bustad.
Frist for å foreslå prisvinnar: 12. februar 2020.
Send inn dine forslag via denne lenke nede på sida.
Les meir om kriterier for prisen og om Johan Nordahl Brun ved å klikka på lenger nedst på sida.
Helsing
Halvor Nordhaug
biskop