– Desse samlingane er ein fin måte for oss å kunna ivareta og støtta kvarandre på, seier Maria Tveten som var leiar i styret for kvinneprestnettverket fram til møtet. – Eg er veldig takksam for at bispedømet legg opp til at dette kan skje. Det tek vi ikkje for gitt, slik den økonomiske situasjonen er for tida, seier Tveten. Ho fortel at desse årelege samlingane er redusert til ein arbeidsdag, men at dei som vil og kan, samlast til gudsteneste og felles restaurantbesøk dagen før fagsamlinga.
Kvinneprestnettverket vart starta av Mari Saltkjel i 2008, og med ein pause på nokre år, har ein hatt samlingar etter det. Visjonen er at nettverketet skal vera ein fellesskap med fagleg og åndeleg fornying.
I år samla ein 24 deltakarar. Dei valde også nytt styre som no består av:
Marianne Bergsjø Gammelsæter, Tone Marit Dyrkolbotn og Heidi Merete Baird.
Samling for kvinnelege prestar
Den 5. juni møttes nettverket for kvinnelege prestar i Bjørgvin til si årlege samling. For første gong hadde dei med ein mann, Kjell Nordstokke heldt føredrag om diakoni, evangeliet i handling.