Styrkar kyrkjeleg kulturkompetanse

Kyrkjekultur Vest er eit nytt aksjeselskap som skal fremje den kyrkjelege kulturen i heile bispedømet. No har styret hatt sitt aller første møte.

Styret i Kyrkjekultur Vest f.v.: Lise-May Sæle, Kjetil Almenning, Sissel Vartdal, Ragnhild Gudbrandsen, Karl Johan Kirkebø og Ragnhild Jepsen.

Bjørgvin bispegard var 16. august arena for det fyrste styremøtet i Kyrkjekultur Vest AS, som har Den norske kyrkje: Bjørgvin bispedøme og Bergen kirkelige fellesråd som eigarar.

Etableringa har som formål å synleggjere og styrke den kyrkjelege kulturkompetansen i heile bispedømet og utvikle kyrkja som kulturaktør og kulturarena.

Hovudoppgåvene er:

  1. Vere eit nettverk for kompetansedeling
  2. Kyrkjeturnérådgjevar: Vidareformidle aktuelle produksjonar
  3. Etablere alliansar og samarbeid mellom kyrkje, kulturliv og andre samfunnsaktørar
  4. Vere ein ressurs for større utoverretta prosjekt i bispedømet
  5. Initiere tiltak for kulturfagleg kompetanseheving i møte mellom kunstnarar og kyrkjelydar
  6. Legge til rette for kyrkjelege kulturskuletilbod

Styreleiar Sissel Vartdal (biletet under), til dagleg kyrkjeverje i Sunnfjord, leia det konstituerande møtet, som la grunnlaget for korleis styrekollegiet saman kan sikre at selskapet klokt kan sikre at formål og målsetjing vert realisert.

Dei andre styremedlemmane er Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin, Lise-May Sæle, student og fylkestingspolitikar (H) frå Balestrand, Karl Johan Kirkebø, pensjonist, medlem i Bjørgvin bispedømeråd og Kirkerådet, Kjetil Almenning, domkantor i Bergen domkirke og Ragnhild Margrethe Gudbrandsen, skodespelar.

Vartdal har takka ja til styreleiarvervet, fordi ho har stor tru på at samspelet mellom kyrkje, kultur og samfunn har uforløyst potensiale. 
- Styret har starta ein spennande samtale om korleis etableringa av Kyrkjekultur Vest skal bidra til å løfte den kyrkjelege kulturkompetansen i bispedømet vårt. Innsteget vårt er todelt; vere medvitne og stolte over alt det gode kulturarbeidet som skjer i kyrkjelydane i regi av tilsette og frivillige, og samstundes tenke nytt - og større - for å samhandle, dele og utvikle dette vidare. Kyrkja er allereie ein tung kulturaktør, med ein viktig brubyggjarfunksjon mot folk og samfunn. Som nyetablert styre er dette meiningsfylt å få arbeide med, avsluttar Vartdal.

Sissel vartdal

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"