Det var Berit Bakke som vart nominert gjennom supplerande nominasjon, og valrådet kan med dette kunngjera den endelege vallista for lek kyrkjeleg tilsette. For kandidatane sin eigenpresentasjon med svar på spørsmål frå nominasjonskomiteen, sjå lenke nedst på sida
Valet er den 9. september 2019. Det skal då veljast bispedømeråd for perioden 1. januar 2020 – 31. desember 2023. Bispedømerådet har sju leke medlemer, ein lek kyrkjeleg tilsett og ein prest. Biskopen er i tillegg fast medlem.
Valet blir gjennomført som preferanseval. Det betyr at ein set nummer framfor kandidatane i den rekkefølgja ein ønskjer.
Stemmerett ved val av lek kyrkjeleg tilsette har tilsette i Den norske kyrkja som er tilsett av sokneråd, fellesråd eller bispedømeråd i ei stilling på minst 15 timar veka og som ikkje har stemmerett som prest.
Stemmesetlar skal sendast til bispedømekontoret i posten innan 9. september. Stemmesetlane vil bli tilgjengelege seinare i juni.