Listeforslaga er levert til valrådet i Bjørgvin bispedøme.
Ved val av lek tilsett medlem og geistleg medlem av bispedømerådet, skal det nominerast fem kandidatar på kvar av desse listene. Medlemet vil bli vald gjennom preferanseval, og lista er difor alfabetisk, utan noko prioritert rekkefølgje. Listene skal ha minst 40 % kandidatar av kvart kjønn, kandidatar frå ulike distrikt og, om mogeleg, minst ein kandidat under 30 år.
Valrådet i Bjørgvin skal godkjenna desse listene og andre lister innan 30. april. Når desse to listene er godkjende, vil det bli lyst ut høve til supplerande nominasjon.
I Bjørgvin bispedømeråd er det 10 medlemer. Sju av medlemene er leke - valde av og blant medlemer i Den norske kyrkja. Det er ein prest, vald av prestane i bispedømet, og ein lek kyrkjeleg tilsett, vald av dei lek kyrkjeleg tilsette i fellesrådsområda. Dessutan er biskopen fast medlem av rådet.
Følgjande kandidatar står på dei innleverte listeforslaga:
Lek tilsette
Solveig Gravem Angelskår, f. 1980. Dagleg leiar i Osterfjorden.
Kalaregy Drange, f. 1962. Kyrkjetenar i Sandviken og Eidsvåg.
Rita Eldhom, f. 1972. Diakon i Åsane.
Audun Mundal, f. 1966. Kyrkjeverje i Gloppen.
Beate Nes, f. 1979. Kateket i Stryn.
Prestar
Kjersti Brakestad Boge, f. 1973. Sokneprest i Kvinnherad
Vegard Bondevik Lie, f. 1974. Sokneprest i Leikanger
Arne Mulen, f. 1969. Spesialprest i Åsane.
Kjersti Gautestad Norheim, f. 1974. Sokneprest i Birkeland
Marte Birkeland Åsen, f. 1992. Kapellan i Søreide