Etter ein gjennomgang av tenestene arkiv, løn og økonomi, har Den norske kyrkja frå 1. juni felles einingar som tek seg av desse fagområda. Bispedømet sin økonomisjef Solfrid Rong og rådgjevar for løn og økonomi Britt Ingvild Urdal sit framleis på bispedømekontoret, men er knytta til einingar som arbeider nasjonalt for alle bispedøma og Kyrkjerådet. Kontaktinformasjon til desse finn du her.
To gode medarbeidarar har slutta og fått seg arbeid andre stader. Det gjeld arkivleiar Solveig Eline Jansen og rådgjevar for kyrkjekunst/rekneskap, Ragnhild Tveit.
I ei ny stilling som kontorleiar, med ansvar for bispedømerådssaker, arkiv, sentralbord og mykje meir, er Ewelyn Hysing-Olsen tilsett.
Kyrkjevalet medfører ein del ekstraarbeid, og der bidrar Maren Lilja D. Gudmundsdottir, i tillegg til at ho tek seg av saker knytt til kyrkjekunst og -interiør.
Personalavdelinga har travle dagar, bl.a. med mange tilsettingssaker. I engasjement/vikariat er det tilsett to juristar, Jan Gunnar Kaaresen og Malin Brekka Pedersen.
Kyrkjerådet si informasjonsavdeling har også ein medarbeidar som har sete på bispedømekontoret. Sandra Eide Nyland var først tilsett i eit engasjement ved bispedømekontoret, men er no tilsett som vikar i Kyrkjerådet.
Biskop Halvor Nordhaug har permisjon fram til 10. november, men deltek i bispedømerådet og bispemøtet. Fungerande biskop er domprost Gudmund Waaler. Han har kontoret sitt i Bergen domkirke menighet, men vil også vera ein del på bispedømekontoret.