Oppmoding om å stille liste ved kyrkjevalet 2023

I 2023 er det val til sokneråd og bispedømeråd/Kirkemøte. Valet blir halde på same tid som kommunevalet – 11. september. Grupper som ønskjer å stilla eiga liste til bispedømmerådsvalet, kan innan 2. januar 2023 søkja Kyrkjerådet om registrering etter nærare reglar. Blir registreringa godkjend, vil nomineringsgruppa ha rett til økonomisk støtte.

Innan 2. januar kan grupperingar som ønskjer å stille liste ved kyrkjevalet, søka Kyrkjerådet om registrering.

Økonomisk støtte

Til val av bispedømeråd og Kyrkjemøtet skal Kyrkjerådet gje økonomisk stønad til registrerte nomineringsgrupper i form av både intensjonsstøtte og listestøtte.

Intensjonsstøtta har som formål å setja registrerte nomineringsgrupper i stand til å stilla lister i valet til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

Listestøtta har som formål å setja registrerte nomineringsgrupper i stand til å informere veljarane om standpunkta sine i aktuelle kyrkjelege spørsmål. Les meir om dette i kyrkjevalreglane § 6-4 (sjå lenke nedst på sida).

Registrering innan 2. januar 2023

For at ei nomineringsgruppe skal få støtte, må ho registrerast som ei nomineringsgruppe av Kyrkjerådet. Søknad om registrering må vera motteke og journalført hos Kyrkjerådet innan 2. januar 2023. Før det må nomineringsgruppa registrera seg i Einingsregisteret og dermed få tildelt eit eige organisasjonsnummer.

Saman med søknaden skal det vedleggjast:

  • Opplysningar om organisasjonsnummer
  • Opplysningar om kven som er valt til medlemmer i det utøvande organet i nomineringsgruppa, og som har fullmakt til å representera gruppa sentralt i saker etter regelverket
  • Vedtekt som fastset kva organ i nomineringsgruppa som vel det utøvande organet i gruppa
  • Erklæring frå minst 300 personar (skriftleg på papir eller scanna dokument) med stemmerett om at dei ønskjer gruppenamnet registrert. Underskriftene skal ikkje offentleggjerast.

Meir om dette, sjå kyrkjevalreglane § 6-4.

Ei gruppering kan stilla liste utan å vera registrert som nomineringsgruppe, men vil då ikkje kunna få økonomisk støtte. Meir om krav til listeforslag i kyrkjevalreglane kap. 7.

-----------------------

Kontaktperson: Jens Z. Meyer,

Meir informasjon om kyrkjevalet, sjå lenker nedst på sida.

  • Vil du stilla til val?
  • Om kyrkjevalet
  • Info om kyrkjevalet 2019 og tidlegare – statistikk osb.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"