Sjå samtalen mellom kulturministeren og biskopen om tru

Kultur- og likestillingsminster Lubna Jaffery var gjest saman med biskop Ragnhild Jepsen då domprost Gudmund Waaler leia ein samtale mellom dei to om tru. Mykje var felles, blant anna kva for ei av dygdene «Guds fire døtre» dei sette høgast. Sjå opptak av samtalen her.

Kulturminister Lubna Jaffery og biskop Ragnhild Jepsen snakka om trua si i samtale med Gudmund Waaler. Foto: Gyrid C. Nygaard.

– Eg ser at samfunnet vårt er så hardt, på mange vis. Det er nådelaust, på mange måtar, med lite rom for å gjera feil. Difor velgjer eg meg verdien miskunn eller nåde, sa biskopen. Ho meinte at me har høge forventningar til andre og oss sjølve. – Vi må streva mot å visa kvarandre nåde, og det er også ein kjerneverdi i den kristne trua.
–  Vi har blitt mindre snille som samfunn. Vi er ofte forutinntatt, vi blir irriterte og prøver ikkje å forstå kvarandre. Det at eg som barn vart møtt med barmhjertighet, miskunn, av andre, var kjempeviktig for meg. Vi er ikkje snille nok med kvarandre, vi burde vera meir rause med kvarandre sa kultur- og likestillingsministeren som noko av forklaringa på at ho også valde miskunn

Samtalen handla først om fremst om trua til dei to kvinnelege leiarane, men også om religion i vårt samfunn, kyrkje og kultur m.m.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"