Krossvandring
Krossvandring - der ein går i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon i tida rundt påske. I 2021 er det laga ein heilt ny serie med 14 plansjar med bibeltekstar og nye bilete til ei slik krossvandring.
Les meir om VIA DOLOROSA her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema.
Håpsvandring
Ein nyare tradisjon er å gå i lyset frå Jesu oppstode. Vandringa VIA LUCIS (lysvegen) har også 14 stasjonar, men fokuserer på lyset og håpet frå Jesu oppstode. Denne vandringa vart laga i fjor og mange kyrkjelydar nytta denne frå påskedag 2020 og fram mot pinse denne våren då det var avgrensa høve til å feire gudstenester.
Les meir om VIA LUCIS her (pdf som også viser alle postane) eller gå direkte til bestillingsskjema.
Det er Balestrand sokneråd som formidlar desse vandringane og sel to seriar med plakatar. Kvar serie har 14 stasjonar og ein velkomen-plakat. Vi gjev ut kvar serie på nynorsk og bokmål. Plakatane har eit kunstbilete laga av Magne V. Kristiansen. Tekstane er frå Bibelselskapet sin nye serie "Lett å lese". Plakatane er framstilt på kraftig plastfolie i A3-format. Plakatane er laga for utandørs bruk ved at dei både er vassekte og lysekte. Plakatane kan til dømes festast på plater/stolpar som kan plasserast rundt ei kyrkje, ein gravplass, i ei naturløype el.l. Kvar serie kostar kr 2500,- eks mva. Frakt kjem i tillegg.
Dersom det blir overskot på salet, vil soknerådet dela det med misjonsprosjektet sitt for NMS i Mali.