Bruk lufteturen til ettertanke og påfyll

Her finn du to opplegg for korleis du kan få noko ekstra ut av turen din. Det eine et tenkt for den vaksne som går sin luftetur. Den andre kan ein gjere saman vaksne og born, i familien eller med dei som i desse dagar har lov å gå tur saman.

Ta med deg eit lite pilegrimsopplegg neste gong du går tur. Illustrasjonsfoto: Pixabay.com

Det er Stavanger bispedøme som i samarbeid med Bjørgvin bispedøme som har sett saman ulike tekstar til desse to vandringane. 

Kva er ei pilegrimsvandring?

Vi kan seie at ei pilegrimsvandring er to vandringar i eitt: Den ytre vandringa, vegen du går, og den indre vandringa, tankane og refleksjonane du gjer mens du går. I vår/kyrkja sin samanheng handlar det om å vende seg mot Gud og invitere han til å gå saman med deg. Små element i den ytre vandringa kan hjelpe oss i den indre vandringa.

Mange tenkjer på livet som ei pilegrimsvandring, og opplever dette som ei verdifull hjelp i livsvandringa. Ein pilegrim er i rørsle, villig til å bryta opp og innstilt på forandring og fornying.

Korleis kan det gjerast?

Sjølve turen kan vere kvar som helst, og den lengda som passar for deg. Ein runde i nabolaget, rundt vatnet, i skogen, på fjellet eller langs stranda. Du kan la målet for turen vere kyrkja, heilagstaden, eller kyrkja kan vere eit stopp på vandringa hvis det passar. For sjølv om du no ikkje kan kome inn i den, kan det vere fint å setje seg ned ved kyrkja og be ei bøn eller sitje i stilla.

Organiserte pilegrimsvandringar er ofte godt førebudd med eit opplegg som deltakarane får utlevert og kan ta del i. Det er vanleg å dele vandringa i stadier slik at det blir fleire stopp undervegs. I vedlagde opplegg har vi lagt ved element av dette.

Påskemeditasjon

Dersom du i påska vil ha ei meir indre vandring gjennom påskedagane, kan du lesa den korte påskemediasjonen for kvar av heilagdagane som tidlegare personalprest i Bjørgvin, Trygve Danielsen, har laga for Søreide kyrkje. Sjå lenke frå retreater.no nedst på sida.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"