Gudmund Waaler er fungerande biskop fram til vigsling av biskop 16. april.
Benedicte Bergtun er ny HR-rådgjevar/jurist som erstattar Monica Sandstå Hansen. Ho kjem frå stilling som prosjektmedarbeidar knytt til skifte av biskop og vil framleis arbeida noko med dette.
Erlend Femdal vikarierer som personalrådgjevar for Camilla Bolstad som har foreldrepermisjon.
Kjell Ove Hatlem vikarerer som rådgjevar for diakoni og samfunn, med spesialansvar for samarbeidet med kyrkja på Cuba. Vetle Karlsen Eide har permisjon frå stillinga for å arbeida som sokneprest.
Kirkens Nødhjelp
Bispedømet vil i to år framover samarbeida med Kirkens Nødhjelp om ei stilling som kommunikasjonsrådgjevar. Geir Endre Kristoffersen kjem frå stilling som menighetspedagog i Søreide menighet og vil både reisa rundt i bispedømet for Kirkens Nødhjelp og arbeida med kommunikasjon for bispedømekontoret.
Inkludering av menneske med utviklingshemming
Gjennom ein samarbeidsavtale med Normisjon region Sogn og Fjordane er Jostein Bildøy frikjøpt til å bruka 20 prosent av arbeidstida si til å vere rådgjevar og ressurs på inkluderingsfeltet. Dette er primært retta mot Sogn og Fjordane, men også resten av bispedømet kan nytte kompetansen hans.
Vi viser også til at fleire av våre prestar, mellom anna Maren Tischendorf, Fridleif Lydersen, Børge Ryland og Arve Hansen Haugland har kompetanse på dette feltet, og trusopplæringsrådgjevar Sverre Johan Nærheim. I Bergen kyrkjelege fellesråd er Annette Lid Ussi tilsett med ansvar på dette feltet, mellom anna med Klubb X i Åsane. Kyrkjeverja i Austrheim og Fedje, Leif Arne Økland, er leiar i Inkluderingsutvalet.
Ungdom
Bispedømet har ulike samarbeidsavtalar med ulike ungdomsorganisasjonar rundt tiltak for ungdom.
- KFUK-KFUM har i Bergen tilsett Kristin Edvardsen i eit prosjekt med å lage det som var «Saman-leiren», som no blir Camp Vestland. Bispedømet er inne med midlar der og håper kyrkjelydane vil nytta tilbodet.
- Likeins er det òg samarbeid med KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane.
- I Norheimsund er det KRIK-leir.
Informasjon frå desse organisasjonane vil dei sjølv sende ut, men dette er prosjekt som vi som bispedøme støttar, og at det er no det skjer.
Thor Haavik er tilsett som prosjektprest ved bispedømekontoret og skal dei neste to åra kunne jobbe strategisk opp mot ungdom. Han har i haust vore ein runde på blant anna folkehøgskulane og dei kristne vidaregåande skulane i bispedømet. Saman med Saman-teamet er han òg rundt i bispedømet og møter svært mange konfirmantar.
Andrea Aadland har i ein periode vore ansvarleg for å organisere "Saman-teamet" sine besøk til konfirmantar ulike stader i bispedømet.
Malene Mortensen har vore med på Saman-teamet og har for tida ansvar for organiseringa av arbeidet til det valde Ungdomsrådet i Bjørgvin og for Ungdomstinget.