Sjå lenker til alle dei omtalte arrangementa nedst på sida.
Seljumannamesse
Det blir Seljumannamesse på Selja 3. juli kl. 12. Men før det kan du delta i jubileumsvandring for pilegrimsleden 25 år på Selja 1. juli kl. 10 og på keltisk pilegrimskonferanse på Stad hotel laurdag 2. juli.
Folgefonnhalvøya
Den årlege dagsvandringa mellom Krossdalen i Jondal og Reisæter i Sørfjorden finn stad den 7. juli. Påmelding innan 4. juli.
Frå Moster til Røldal
Nytt av året er turen frå Moster 6. juli, via Halsnøy kloster, Skånevik, Etne og Seljestad til Røldal, framme 8. juli, men med deltaking på Pilegrimsstemna i Røldal 8. - 10. juli. Vekselvis transport og vandring.
Røldal
Pilegrimsstemnet i Røldal blir 8. - 10. juli. Røldalsspelet "Den lange vegen" blir framført torsdag 7. juli - laurdag 9. juli. Laurdag er det pilegrimsseminar, vandringar og pilegrimsmesse. Billettsal på nettet.
Sjøvegen til Røldal
Inn i fjordane i Ryfylke, over Suldalsvatnet og Røldalsvatnet til stavkyrkja i Røldal gjekk ferda for mange i gamal tid. No kan du få vera med denne ruta i regi av Utstein pilegrimsgard 23. - 25. juli. Eit nytt tilbod som blir prøvd ut i år. Sjå meir informasjon i brosjyren nedst.
Opne kyrkjer og ulike arrangement
Sjekk sommarkyrkja.no for eit oversyn over kva som skjer der du er.