Her kan du lese meir om turar frå Jondal og Moster og om pilegrimsstemnet i Røldal og Seljumannamesse på Selja.
Jondal 6. juli
Jondal sokn har arrangert pilegrimsturar langs den gamle pilegrimsvegen nordanfor Folgefonna, Krossdalen-Reisæter, sidan 2004. Pilegrimsvegen var ein av dei mange vegane mot det undergjerande krusifikset i Røldal stavkyrkje i middelalderen.
I storslått natur opplever vi fellesskapet med kvarandre og Gud.
Pilegrimsturen 2023 frå Øvre Krossdalen- langs Pilegrimsvegen nord for Folgefonna- ned til Reisæter.
Frammøte ved Spar, på Jondal ferjekai. Privat skyss opp til Hardingarinden i Øvre Krossdalen. Felles buss-skyss attende til Jondal ferjekai frå Reisæter, ovanfor Nå i Sørfjorden.
Pilegrimstur frå Moster til Røldal 5. - 9. juli
Turen startar onsdag 5. juli ved Moster gamle kyrkje, der 1000-årsjubileet for Kristenretten skal feirast i 2024. Eit av temaa frå jubileet - rettsvern - vil bli brukt som ein raud tråd i refleksjonar undervegs. Eit anna sentralt tema undervegs er dei sju nøkkelorda for pilegrim: Fridom, langsomheit, enkelheit, bekymringslause, stillheit, fellesskap og spiritualitet. Nøkkelorda for pilegrim handlar om oss menneske, både om ei ytre vandring og våre indre lengslar.
Turen går med båt til Halsnøy kloster og vidare til Skånevik for overnatting. Torsdag er det vandring til Etne og Seljestad før turen held fram til Røldal på fredagen. Der vert det deltaking på Røldalsstemnet.
Røldalstemnet 7.-9. juli
Røldal sokneråd og Bjørgvin bispedøme samarbeider om pilegrimsstemnet i Røldal første helga i juli. Pilegrimar frå Moster og Stavanger vert mottekne liturgisk fredag ettermiddag, og seinare på kvelden kan ein sjå Røldalsspelet "Den lange vegen".Laurdag 8. juli vert det program heile dagen, med mellom anna morgonbøn, bygdevandring, stille time i kyrkja, krossvandring og midnattsmesse. Frå klokka 10.00 er det eit seminar kalla "Der himmel møter jord".
Seljumannamesse 9. juli
Andre helga i juli er det klart for ny stemningsfull helg i Selje og på Selja, til minne om Sta. Sunniva og seljumennene.
Besøk Selje regionale pilegrimssenter, opplev Lovprisingskonsert med Soul kids og Soul Children i Selje kyrkje og Seljumannamesse på Selja.
Biskop emerita Solveig Fiske talar.