Bjørgvin bispedøme og Røldal sokneråd samarbeider om pilegrimsstemnet helga 5. til 7. juli i år. Programmet er variert, frå countrykonsert, bygdevandring og seminar til pilegrimsmesse, krossvandring og stille.
På pilegrimsseminaret laurdag 6. juli blir det aktuelle foredrag om pilegrimshistorie, pilegrimserfaringar og relasjonar til Røldal. Du får høyre leiar av Bjørgvin bispedømreråd Oddny Miljeteig, professor Oddvar Johan Jensen og filolog Dag Hovda Sture.
Fredag kveld er det konsert med countrybandet No Boots frå Vest-Telemark i Røldal kyrkje. Billettar for konserten kostar 200,- kr.