Måndag kveld 22. mai blir det pilegrimsverkstad i Selje. I samband med at Pilegrimsutvalet i Bjørgvin har møte for å arbeide med pilegrimsliturgi, er alle interesserte invitererte til verkstad i Selje prestegard frå 18.30 til 21.00.
Målet med pilegrimsverkstaden er at ein skal utarbeide døme på enkel liturgi som kan nyttast lokalt.
Her kan du møte med erfaring og medbragte liturgiar, eller du kan berre kome med eit ope sinn og lytte til det som vert presentert.
Arrangørar er Bjørgvin bispedøme sitt pilegrimsutval og Selje regionale pilegrimssenter. Dei lover kaffimat og samtale om viktige tema.
Du kan melde deg på innan 20. mai til Selje regionale pilegrimssenter ved å trykke på påmelding-knappen under.