Dei to første medlemene i bispedømerådet

Førebels resultat av prestane og dei andre kyrkjeleg tilsette i Bjørgvin ("lek tilsette")tyder på at sokneprest i Birkeland, Kjersti Gautestad Norheim og soknediakon i Åsane, Rita Eldholm får plass i Bjørgvin bispedømeråd. Valrådet i Bjørgvin skal godkjenna valet før det endelege resultatet er klart.

Kjersti Gautestad Norheim (t.v.) vart attvald som prestane sitt medlem i Bjørgvin bispedømeråd. Soknediakon Rita Eldholm er ny som lek tilsette sitt medlem i bispedømerådet.

Valet av av prestane og dei lek tilsette sine medlemer i bispedømerådet har skjedd digitalt. Valrådet skal godkjenna valet på sitt møte som venteleg blir den 20. september, men det førebels resultatet av den elektroniske oppteljinga blir kunngjort no. 

Val av prest

Medlem: soknerprest Kjersti Gautestad Norheim
1. vara: sokneprest Arne Mulen
2. vara: sokneprest Kjersti Brakestad Boge 

Val av lek tilsett

Medlem: soknediakon Rita Eldholm
1. vara: kyrkjeverje Sissel Vartdal
2. vara: dagleg leiar og sekretær Solveig Gravem Angelskår

Valet av vanlege medlemer sine sju representantar blir ikkje klart enno. Der vil ei grovteljing i sokna visa ei sannsynleg fordeling av mandat, medan finteljing av personstemmer vil visa kven som får plass i bispedømerådet. Det blir etter planen klart etter av valrådet har godkjent valet 20. september. 

For fleire detaljar om resultata i Bjørgvin og resten av landet, sjå lenke nedst på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"