«Søndag for dei forfølgde» er ein viktig global merkedag i kyrkjeåret. Denne dagen står kyrkjelydar over heile verda saman i bøn for den forfølgde kyrkja. Menneske som vert forfølgde for si tru, ber om vår forbøn og støtte.
Bjørgvin bispedøme oppfordrar alle våre kyrkjelydar til å vere med. Dagen vert markert andre søndag i november, som i år fell på 10. november, eller ein annan eigna søndag som passar i kyrkjelyden.
Preiketips, bøner og andre ressursar til markeringa, finn de ved å trykke på lenka under. Fleire aktuelle og oppdaterte ressursar kjem i løpet av hausten.
For meir informasjon og spørsmål, kontakt post@stefanus.no.
Takk for at de står saman med dei forfulgte!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.