– Samane sin nasjonaldag er ein festdag for heile nasjonen, og sjølvsagt særleg for den samiske befolkninga i Noreg. I år gjev det særleg meining å feire gudsteneste 6.februar for deltakarane i Bjørgvin bispedøme sine stiftsdagar saman med det samiske miljøet i Bergen, og med alle andre som ynskjer å kome til domkyrkja. Å høyre bibeltekstar lest både på samisk og norsk, og å oppleve samisk musikk i kyrkjerommet, utvidar vår forståing av mangfald og rikdom. Eg vonar det kan vere eit steg på vegen mot forståing og forsoning, seier biskop Ragnhild Jepsen som skal halde preika.
Med seg i gudstenesta har biskopen sin kollega Olav Øygard, biskop i Nord-Hålogaland, Arild Hellesøy, prost i Hardanger og Voss prosti og tidlegare sokneprest og prost i Indre Finnmark og Britt Jorunn Waag frå Bergen Sameforening. Hovudansvar for musikken har prisvinnande komponist og musikar Sondre Närva Pettersen. Både salmar og andre musikalske innslag har tydeleg samisk preg.
Deltakarane på stiftsdagane får tidlegare denne dagen høyre om rapporten til Sannings-og forsoningskommisjonen om fornorskingspolitikken mot samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar.