Den lutherske kyrkja på Cuba er vennskapskyrkje til Bjørgvin bispedøme, og som avskilsgåve når biskop Halvor Norhaug går av, ønskjer han støtte til folket og kyrkja på Cuba.
Du kan vippse pengar til å kjøpe inn hermetikk, andre matvarer og hygieneartiklar til containeren vi skal sende til Cuba før jul.
Klede og sko
Vi har plass til over 400 sekker med bukser, skjørt, t-skjorter, bluser, skjorter og skotøy av ulike typar og for alle aldrar, så her kan mange gje eit bidrag. Vipps gjerne 100 kr saman med kvar sekk som bidrag til utgifter.
Vi treng óg pengar for å kjøpe inn mat, hygieneartiklar og andre ting som vi skal ha i containeren.
PC, mobil og symaskin
Det er vidare behov for «litt» teknisk utstyr (mobilar, bærbare PC-ar og symaskiner som fungerer.)
Mobilar må vera maks fem år gamle og med oppdatert operativsystem og ladeledning. Passord fjerna eller sett til 0000.
Bærbare PC-ar maks. seks år, med strømkabel, fungerande batteri og fungerande Windows eller Linux operativsystem. Alle eigne data reinska bort.
Her kan du levere |
Når kan du levere |
---|---|
BERGENSOMRÅDET | |
1) Ved inngangen til St. Jakob kirke Jonas Reins gate 2, Bergen |
Laurdag 19.11 kl. 10.00-15.00 |
2) Utanfor Bergen domkirke | Søndag 20.11 kl. 10.00-11.00 og etter gudstenesta, kl. 13.00 |
3) Fana prestegård Fanafjellsvegen 10, Fana |
Laurdag 19.11 kl. 10.00-15.00 |
4) Bispedømekontoret Strandgt. 198, 3. etg. Berre mindre kolli for dei som ikkje kan levere andre stader. |
28.11 - 01.12 kl. 09.00 - 10.00 |
Denne sendinga er no før jul. Men du kan kvar månad framover bidra til å løne prestar og andre i samarbeidskyrkja på Cuba. 10 personar som gjev 100 kroner kvar er nok til ei månadsløn for ein pastor på Cuba
Slik kan du gi pengar til hjelpesendinga og til framtidig lønsstøtte
- Gi på Vipps 96005 eller konto 1503.02.13537 (Normisjon). Merk gåva «prosjektnummer 351002». For sokneråd/prosti merk gåva med «prosjektnummer 351002 + «Avskjedsgåve Biskop Halvor"
- For skattefrådrag på individuelle gåver på Vipps: Skriv mobilnummeret ditt i tillegg til prosjektnummer.