Valreglane seier at minst ti med stemmerett, høvesvis prestar eller leke kyrkjeleg tilsette, kan fremje forslag om alternative kandidatar i den supplerande nominasjonen innan kl. 12 den 15. mai. Det er eit krav om at dei ti må komme frå minst to prosti.
Då fristen var ute, hadde valrådet motteke ein slik supplerande nominasjon der ti lek tilsette hadde nominert kyrkjeverje Sissel Vartdal i Sunnfjord som kandidat til bispedømerådet.
Lista over lek tilsette kandidatar er alfabetisk fordi valet vil bli gjennomført som eit "preferanseval". I den valordninga har ikkje nominasjonskomiteen høve til å rangera kandidatane, det ansvaret får veljarane når dei stemmer.
Den endelege lIsta over leke kandidatar ser då slik ut:
Solveig Gravem Angelskår, f. 1980. Dagleg leiar i Osterfjorden.
Kalaregy Drange, f. 1962. Kyrkjetenar i Sandviken og Eidsvåg.
Rita Eldholm, f. 1972. Diakon i Åsane.
Audun Mundal, f. 1966. Kyrkjeverje i Gloppen.
Beate Nes, f. 1979. Kateket i Stryn.
Sissel Vartdal, f. 1968. Kyrkjeverje i Sunnfjord
Både dei seks lek tilsette kandidtane og prestane sine fem kandidatar vil bli presenterte i samband med valet. Veljarane vil få tilsendt informasjon om kandidatane og den blir også å finna på kyrkjevalet.no innan 10. august då det digitale valet opnar.